Fjellrype

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fjellrype
Fjellryper i overgangen mellom vinter- og sommardrakt.
Fjellryper i overgangen mellom vinter- og sommardrakt.
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC LivskraftigUtbreiinga av fjellrype
Utbreiinga av fjellrype
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Hønsefuglar Galliformes
Familie: Fasanfamilien Phasianidae
Underfamilie: Skoghøns Tetraoninae
Slekt: Ryper Lagopus
Art: Fjellrype L. muta
Vitskapleg namn
Lagopus muta

Fjellrype (Lagopus muta eller mutus) er ein fugl av skogshøns. Fjellrype vert ogso kalla for skarv, fjellskarv eller skarvrype. Arten lever i arktiske og subarktiske nordområde i Eurasia og Nord-Amerika.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Høne og stegg (hannfuglen) er om lag jamstore. Vaksne fuglar veg 400-500 gram og har ei lengd på 35 cm. Dei har gråspragla fjørdrakt. Halefjøra er svarte, men dekkfjøra over desse har same vernefarge som ryggen. Vengene, buken og føtene er kvite. Om vinteren har fuglen kvit drakt, men halefjøra og nebbet er fortsatt svarte. Steggen har ei markert svart stripe mydlo auga og nebbrota. Dette kjenneteiknet har hann ogso i vinterdrakta.

Forvekslingsart

Fjellrype kan lett forvekslast med lirype. Ein skil dei på at fjellrype har ei ljosgrå farge på hausten. Om vinteren er det vanskelegare å skilja dei. Fjellrypesteggar i vinterdrakt kan lettast skiljast på svart tyglestrek som lirypa manglar, hoer har ikkje denne skilnaden, men lirypa er marginalt større enn fjellrypa og har kraftigare nebb.[1]

Forplanting

Fjellrypa er monogam. Høna legg 7-11 egg i ei senking i bakken og det tar 20-21 dagar å ruge dei ut. Klekkinga skjer i slutten av juni til tidleg i juli.

Åtferd

Rypene held seg i kull om hausten. Utover seinhausten og vinteren går dei i større flokkar når veret tillet det.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Fjellrypa er ein robust art med ei vid utbreiing i Høgartktis og somme alpine område. Det er skildra 23[2] til 30[3] underartar som ein finn spreidd over nordlege Nord-Amerika inkludert store delar av Alaska, kanadisk Arktis til og med nordkysten av Ellesmereøya i Nunavut-territoriet, isfrie område av vestlege og søraustlege Grønland, på Island, i Skottland, på Svalbard med Bjørnøya, Frans Josefs land, alpine område av Fennoskandia inkludert heile Kolahalvøya, Sibir frå Uralfjella til stillehavskysten. Det finst òg isolerte alpine populasjonar i Pyreneane, Alpane, i fjellområde på Honshu i Japan, og på alpin tundra i Sentral-Asia, inkludert Altajfjella.

I Noreg

Fuglen er vanleg i karrige landskap i Noreg med lite vegetasjon, mot kysten på Vestlandet ned til 400 moh. og nordover, i Troms ned til 100 moh. I hekketida og fram til vinteren held han seg i steinurer og ved grassletter over vierbeltet. I vinterhalvåret søker han ofte lågare i terrenget, og i uvêrsperiodar heilt ned i bjørkeskogen. På linje med lirype er han eit ynda jaktobjekt. Det er også jakt på svalbardrypa (Lagopus muta hyperborea). Ho er den einaste landfuglen som overvintrar på øygruppa.[4]

Populasjonen i Skandinavia gjekk sterkt attende i perioden 2002 til 2012. Forskarane meinte at nedgangen kunne vere relatert til klimaendringar.[5]

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

Fjellrype er avbilda i kommunevåpenet til Kiruna.

Ho er offisiell fugl for det kanadiske territoriet Nunavut.[7]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Hans Chr. Pedersen, 1994, Artsomtale: Lagopus muta – fjellrype, S. 142 i: Gjershaug, J. O., Thingstad, P. G., Eldøy, S. & Byrkjeland, S. (red.): Norsk fugleatlas. Norsk Ornitologisk Forening, Klæbu. Henta 16. januar 2022
Referansar
  1. Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820
  2. Gill F, D Donsker & P Rasmussen (Eds). 2021. IOC World Bird List (v11.2). doi : 10.14344/IOC.ML.11.2 Henta 16. januar 2022
  3. Montgomerie, R. og K. Holder (2020). Rock Ptarmigan (Lagopus muta), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.rocpta1.01
  4. «fjellrype» av Fridtjof Mehlum, L. S. Sømme, S. Barr i Store norske leksikon, snl.no.
  5. Norsk institutt for naturforskning: Færre fugl i fjellet
  6. Haftorn, Svein (1971). Norges fugler. Universitetsforlaget. s. 172. 
  7. «Nunavut's territorial symbols». Henta 16. januar 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Fjellrype