Fjesing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fjesing
Fjesing
Fjesing
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Familie: Trachinidae
Slekt: Trachinus
Art: Fjesing T. draco
Vitskapleg namn
Trachinus draco
Fjesing
Fjesing
Namn på andre språk
NorrøntFjǫrsungr
SvenskFjärsing
DanskFjæsing
EngelskGreater weever
TyskPetermännchen, Gewöhnliches Petermännchen, Großes Petermännchen
FranskGrande vive
SpanskPez escorpión, pez araña, faneca brava
RussiskMorskoj drakontsjik

Fjesing (Trachinus draco) er ein fisk som blir opp til 40 cm, men sjeldan over 20-30 cm. Han finst frå Vest-Afrika og Middelhavet, til Trondheimsfjorden og inn i den sørlege Austersjøen. Han er vanleg langs kysten sør i Noreg, og er observert nord til Trondheimsfjorden.

Fjesing har giftige piggar og er farleg også for menneskje. Fisken grev seg ned i sanden, og det hender at badande trakkar på han og bli stukke. Fiskarar er også utsett. Når ein vert stukke skal ein reinse såret og putte den kroppsdelen som har blitt stukke, i vatn, ca 40-45 °C. Giftstoffa vert øydelagd av varmen. Blodet må få renne fritt ut av såret. Innan 45 minutt bør smerta vere på retur. Dersom hevinga eller smertene forsvinn og så kjem attende, bør du gå til lege. Det har vore observert tilfelle der fjesingstikk har ført til amputasjon, og til og med død, men det er svært uvanleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Når du blir stukke
SNL om fjesing om helserisiko

Spire Denne biologiartikkelen som har med dyr å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.