Matfisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fiskarar med sild i USA.
Fiskeseljar i Venezuela.

Matfisk er fisk ein bruker som næringsmiddel for menneske. Ein har fanga og ete fisk under heile historia til menneskja. Ein som har som yrke å fanga fisk blir kalla fiskar. Å halda levande fisk for seinare bruk blir kalla låssetting.[1] Ein kan og driva oppdrett av matfisk ved foring i eit område der ein kan henta ut fisken når han skal brukast til mat.

Fisk er blant dei viktigaste næringsmidlajorda, særleg på Grønland, der størstedelen av kosten består av fisk. Fisken i havet krev ikkje nokre former for passing eller røkt. I nyare tid har det likevel blitt vanleg med fiskeoppdrett i større skala, særleg av rovfiskar som laks, mellom anna i Noreg og Søraust-Asia, samtidig som sjøar og hav er blitt ramma av utfisking.

Fisk er hovudføde for mange menneske og dyr. Han kan vera skadeleg om han har høgt innhald av miljøgifter eller er blitt lagra feil. Mellom anna kan visse stoff i gjellene konverterast til thiaminase, eit enzym som øydelegg B-vitamin i kroppen, ved feil (for varm) lagring. Dette kan føra til alvorleg og døydeleg akutt B-vitaminmangel.

Det lever mest fisk der næringskjeldene er størst. Dei høgaste tala for biomasse finn ein i litt kaldare vatn, særleg ved oppvellingar.

Matlaging[endre | endre wikiteksten]

Kokt torsk servert med egg, reker, dill, peparrot og bruna smør.

Matfisk blir ofte delt inn feit og mager fisk. Skilnaden i feittinnhaldet påverkar både næringsinnhald, smak og tillagingsmåte. Feit fisk inneheld store mengder omega 3-feittsyrer som eikosapentaensyre (EPA) og dokosaheksaensyre (DHA), men kan òg lagra større mengder miljøgifter som dioksin og polyklorerte bifenyl.[2]

Fisk kan innehalda parasittar. Desse døyr ved oppvarming (minst 60 grader i eit minutt) og ved djupfrysing i fleire døgn. Oppdrettslaks er vanlegvis parasittfri.[2]

Feit fisk[endre | endre wikiteksten]

Feit fisk er kjenneteikna av med høgt feittinnhald. Døme på feite fiskeartar er:

Mager fisk[endre | endre wikiteksten]

Mager fisk har lågt feittinnhald. Døme på magre fiskeartar er:

Oppdrett[endre | endre wikiteksten]

Nokre døme på vanlege oppdrettsfiskar:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «lås (fiskeri) i Store norske leksikon på snl.no. Henta 17. oktober 2021». 
  2. 2,0 2,1 «Råd om fisk». Livsmedelsverket. 7 juni 2012. Arkivert frå originalen 18 april 2013. Henta 10 september 2012.  Arkivert 2013-04-18 ved Archive.is

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Matfisk