Zeit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Zeit (Largo in Four Movements)
Studioalbum av Tangerine Dream
Utgjeve August 1972
Innspelt Mai 1972
Studio Dierks Studio
Sjanger
Lengd 74:29
Selskap Ohr
Produsent Tangerine Dream
Tangerine Dream-kronologi
Alpha Centauri
(1971)
Zeit (Largo in Four Movements) Atem
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[3]
Head Heritagepositiv[4]
Uncut5/10[2]

Zeit er det tredje studioalbumet til det tyske electronicabandet Tangerine Dream, gjeve ut i august 1972.[5] Det var ei dobbelplate og var det første albumet der Peter Baumann spelte i lag med Christopher Franke og Edgar Froese. Zeit har undertittelen Largo in Four Movements.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Stilen på dette albumet er mykje langsamare og meir atmosfærisk enn på dei førre albuma. Den atmosfæriske bordun-tonen minna om det tidlegare bandmedlemmet Klaus Schulze sitt soloalbum, Irrlicht (som kom same månad) sidan dei begge hadde opphav i ein felles ide som Schulze ig Froese ikkje vart samde om og som medførte at Schulze slutta i bandet. Florian Fricke frå den München-baserte gruppa Popol Vuh, spelte Moog synthesizer, og fire cellistar spelar på første spor. På plateomslaget kan ein sjå ei solformørking.

Som Paul Russell forklarte i plateomslagsteksten til 2002-utgåva var «Zeit, som tyder 'tid', basert på filosofien om at tida i røynda ikkje flyttar seg og berre eksisterer i tanken vår.»[1] Han konkluderte, «Zeit er utan tvil eit meisterverk innan krautrock som framleis er i stand til å overraske utan å sjokkere. Albumet gjorde bandet internasjonalt kjende og høyres framleis tidlaust ut 30 år seinare.»[1]

Tilhengjarar av dark ambient-musikk referer ofte til plata som det første (og kanskje beste) dømet på denne sjangeren.

Stil[endre | endre wikiteksten]

Stilen på dette albumet er mykje langsamare og meir atmosfærisk enn på dei førre albuma. Allmusic skreiv at det var «Tangerine Dream sitt reinaste uttrykk for 'kosmisk musikk', dette doble albumet flør og fjærar uanstrengt frå ei toneklynge til ei anna. Konstruksjonen er nesten som i klassisk musikk, og musikken er strukturert slik at han utviklar seg i seksjonar ettersom eitt tema bokstavelig talt smelter inn i det neste.».[3] Musikkritikarar har ofte omtalt Zeit som eit av dei første (eller kanskje til og med det første) dømet på dark ambient-musikk.

Den atmosfæriske bordun-tonen minna om det tidlegare bandmedlemmet Klaus Schulze sitt soloalbum, Irrlicht (som kom same månad) sidan dei begge hadde opphav i ein felles ide som Schulze og Froese ikkje vart samde om og som medførte at Schulze slutta i bandet. Florian Fricke frå den München-baserte gruppa Popol Vuh, spelte Moog synthesizer, og fire cellistar spelar på første spor.

På plateomslaget kan ein sjå ei solformørking.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

I ei nyare melding skreiv Julian Cope på nettsida Head Heritage om Zeit som eit «monolittisk og mørkt dobbeltalbum» som vandrar gjennom bordunaktige passasjar av tomheit medan opphavet og skapinga av universet vert kartlagd. Det er bandet på sitt mest abstrakte og strenge, det mest vanskelege albumet deira.»[6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle spora er skrivne av Edgar Froese, Christopher Franke og Peter Baumann.

Side A
# Tittel Lengd
1. «Birth of Liquid Plejades»   19:54
Side B
# Tittel Lengd
1. «Nebulous Dawn»   17:56
Side C
# Tittel Lengd
1. «Origin of Supernatural Probabilities»   19:34
Side D
# Tittel Lengd
1. «Zeit»   16:58
74:22

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Tangerine Dream
Gjestemusikarar
  • Florian Fricke – Moog-synthesizer på «Birth of Liquid Plejades»
  • Steve Schroyder – orgel i slutten av «Birth of Liquid Plejades»
  • The Cologne Cellokvartett — cellointro på «Birth of Liquid Plejades»
    • Christian Vallbracht
    • Joachim von Grumbkow; omtalt som Jochen von Grumbcow; var med å starte Hoelderlin
    • Hans Joachim Brüne
    • Johannes Lücke
Teknisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Russell, Paul (2002). «Zeit» (utgjevingsmerknader). Tangerine Dream. 
  2. 2,0 2,1 «Tangerine Dream - Zeit». Uncut. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Patterson, Archie. ZeitAllmusic
  4. «Julian Cope Presents Head Heritage | Unsung | Reviews | Tangerine Dream – Zeit». 3. januar 2003. 
  5. Berling, Michael. «Zeit». Voices in the Net. 
  6. «Julian Cope Presents Head Heritage | Unsung | Reviews | Tangerine Dream – Atem». 9. mars 2012.