Angel's Egg
Angel's Egg Studioalbum av Gong | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. desember 1973 | |
Innspelt | August 1973 i Frankrike med Manor Mobile | |
Sjanger | Progressiv rock, space rock, psykedelisk rock[1] | |
Lengd | 45:14 | |
Selskap | Virgin | |
Produsent | Gong, Giorgio Gomelsky | |
Gong-kronologi | ||
---|---|---|
Flying Teapot (1973) |
Angel's Egg | You (1974)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Angels Egg er det fjerde studioalbumet til den progressive rockegruppa Gong, gjeve ut på Virgin Records i desember 1973.
Det vart spelt inn ved hjelp av Manor mobile studio i fellesheimen til Gong, Pavillon du Hay i Voisines i Frankrike og miksa i The Manor i Oxfordshire i England. Albumet vart produsert av «Gong under rettleiing av Giorgio Gomelsky».
Angels Egg er det andre albumet i trilogien Radio Gnome Invisible, etter Flying Teapot og før You. Trilogien dannar ein sentral del i Gong-mytologien. Den originale albumtittelen hadde ikkje ein apostrof i tittelen.
Den originale vinylutgåva kom med eit hefte som i større grad forklarte mytologien, inkludert tekstar, ei ordliste og omtalte av karakterane i soga og bandmedlemmane. Denne utgåva hadde òg eit dobbeltfalsa omslag (som dei seinare utgåvene ikkje hadde).
CD-utgåva på Virgin Records, og den seinare nyutgjevinga på Charly Records inneheld eit ekstra spor: «Ooby-Scooby Doomsday or The D-day DJ's Got the D.D.T. Blues», som endar med eit mannskorglissando (truleg ein parodi på Pink Floyd sin «Echoes»), og byrjar med «Ahhhh» og endar med «Chooo», som eit nys.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Other Side of the Sky» | Tim Blake, Daevid Allen | 7:38 |
2. | «Sold to the Highest Buddha» | Mike Howlett, Allen | 3:10 |
3. | «Castle in the Clouds» | Steve Hillage | 1:13 |
4. | «Prostitute Poem» | Gilli Smyth, Hillage | 6:05 |
5. | «Givin My Luv to You» | Allen | 0:42 |
6. | «Selene» | Allen | 3:42 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Flute Salad» | Didier Malherbe | 2:46 |
8. | «Oily Way» | Allen, Malherbe | 3:01 |
9. | «Outer Temple» | Blake, Hillage | 1:09 |
10. | «Inner Temple» | Allen, Malherbe | 3:21 |
11. | «Percolations» | Pierre Moerlen | 0:40 |
12. | «Love is How U Make It» | Moerlen, Allen | 3:25 |
13. | «I Never Glid Before» | Hillage | 5:37 |
14. | «Eat That Phone Book Coda» | Malherbe | 3:10 |
Total lengd: | 45:14 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
15. | «Ooby-Scooby Doomsday or The D-Day DJs Got the D.D.T. Blues» | Allen | 5:09 |
Den instrumentale delen på slutten av «Sold to the Highest Buddha» vert omtalt som «6/8 sax» i plateomslaget, og vart eit eige stykke kalla «6/8» på Gong Live Etc. «Selene» er ein heilt annan song enn den med same tittelen på eit tidlegare Gong-album, Camembert Electrique.
Seinare CD-utgåver ha fleire bonusspor, inkludert demoversjonar.
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]Merk: Pseudonyma er valde ut av Daevid Allen og står oppført i plateomslaga. Dei verkelege namna er synt i parentes.
- Shakti Yoni (Gilli Smyth) – kviskring frå verdsrommet
- T. Being esq. (Mike Howlett) – bass
- Sub. Capt. Hillage (Steve Hillage) – sologitar
- Hi T. Moonweed (the favourite) (Tim Blake) – synthesizer
- Pierre de Strasbourg (Pierre Moerlen) – trommer, vibrafon, marimba
- Mirielle de Strasbourg (Mireille Bauer) – klokkespel
- Dingo Virgin (Daevid Allen) – vokal, gitar
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Angel's Egg (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2019.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Gong, Angel's Egg, Review: Gong: Angel's Egg – Crate Digger». crawdaddy.wolfgangsvault.com. Arkivert frå originalen 17. februar 2009. Henta 26. august 2009.