Forening for Sosialt Arbeid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nicolai Rygg skipa NFFSA i 1909

Forening for Sosialt Arbeid, tidlegare Norsk Forening for Sosialt Arbeid og Norsk Helse- og Sosialforum, er ein frivillig organisasjon som i hovudsak har jobba med utfordringer knytt til norsk sosialpolitikk, òg kjent som velferdspolitikk.[1] I seinare år har dei òg jobba med solidaritetsarbeid og sosiale problem globalt. Organsisasjonen blei skipa i 1909 av statistikaren og seinare Noregs Bank-direktøren Nicolai Rygg.[2] Noverande leiar er sosionomen Njål Petter Svensson,[3] mellom anna tidlegare seniorrådgjevar i NAV, og ein av dei første initiativtakarane til Uteseksjonen.[4]

NFFSA bidrog på Jubileumsutstillinga på Frogner i 1914 med ei utstilling om arbeidarvern.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

NFFSA har endra sin aktivitet i takt med det norske samfunnet si utvikling. Den blei skipa i ei tid der sosialpolitikk var høgt oppe på dagsorden, etter industrialiseringa og urbaniseringa som Noreg gjekk gjennom.[5] Kombinert med ei demokratisk utvikling, og ein stat der organisasjonar hadde stor påverknad, var det ei god tid for å skipe ein frittståande, sosialpolitisk organisasjon.[6] Dei store sakene i NFFSA var då arbeidarvern (òg internasjonalt under International Association for Labour Legislation, forgjengaren til ILO) og spreiing av informasjon til dei lågare samfunnslaga, og å fungere som politisk pressgruppe i det parlamentariske systemet for å fremje sosialpoltiske tiltak. Politikken som dominerte på Stortinget i perioden 1880-1935 kan karakteriserast som sosialliberal, der «hjelp-til-sjølvhjelp»-prinsippet var grunnmuren.[7] Mange i NFFSA var enige med denne linja, men det fanst òg medlemmer både til venstre og høgre for denne politiske ståstaden.

Verksemd[endre | endre wikiteksten]

NFFSA hadde fleire utstillinger for å spreie informasjon om arbeidervern i perioden, til dømes om heimearbeids-industrien i 1911 og arbeidarvern i 1914.[8] Dei laga òg utval som gjorde undersøkinger for å kartlegge sosiale forhold. Møter var òg ein viktig del av verksemden, både opne og lukka. Til dømes blei det halde ope møte om «Forbud mot nattarbeid for kvinner».[9] Foreninga trykte òg opp skrifter som dei sendte ut til medlemmar, og etterkvart eit tidsskrift, "Sosialt Arbeid" (frå 1927). NFFSA sendte dessutan jamlege «henstillinger» til Storting og regjering.

Politikaren Fernanda Nissen var ein av medlemmene i NFFSA si tidlege fase.
Medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Medlemstalet var lavt heilt fram til andre verdskrigen var over. Til å begynne med var det kring 100, og auka sakte. Medlemmene var utelukkande frå middel- og overklassen i Noreg. Arbeidsorganisasjoner var òg med, som NAF, AFL og Norsk Arbeidsmandsforbund. Andre medlemsorganisasjonar var til dømes NKS, Norsk murerforbund og Polyteknisk Forening. Det var særs mange kjende politikarar og andre samfunnsaktørar med i NFFSA i den tidlege fasen, til dømes Fernanda Nissen, Hulda Garborg, Advokat Ole Dehli, Arkitekt Kristen Rivertz, statsminister Gunnar Knudsen, Johan Castberg, Hanna Castberg von der Lippe, Frederik Stang d.y., LO-leiar Ole Lian, fabrikkinspektør Betzy Kjelsberg, Oskar Jæger, og fabrikkeigar Halfdan Petterøe.[9]

I velferdsstaten si tid[endre | endre wikiteksten]

Frå etterkrigstida vaks det som er kjent som velferdsstaten fram i Noreg, og organisasjonen sine mål endra seg i takt med utviklinga.[10] Det praktiske arbeidet til foreininga blei i aukande grad ein del av staten sine oppgåver. Særleg etter 1970 har NFFSA sitt mål i større grad vore orientert mot solidaritetsarbeid og globalt samarbeid. FSA er i dag ein nasjonal komitè for International Council on Social Welfare.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Forening for sosialt arbeid - ICSW Norway - OM FSA/ICSW». www.sosialtarbeid.org (bokmål). Henta 5. februar 2018. 
  2. Einar Storsteen (1937). «Sosial Håndbok for Norge 1». urn.nb.no (norsk). Henta 5. februar 2018. 
  3. http://www.nsd.uib.no/polsys/data/forvaltning/utvalg/person/4703
  4. «NAV-rådgiver om rusutsatt ungdom: - Hjelpeapparatet må ut av kontorene». VG (norsk). Henta 5. februar 2018. 
  5. «1870–1914: industrialisering og demokrati - Norgeshistorie». www.norgeshistorie.no (norsk). Henta 5. februar 2018. 
  6. Francis Sejersted (2005). «Sosialdemokratiets tidsalder». Sosialdemokratiets tidsalder (norsk). Pax. Henta 5. februar 2018. «s.135» 
  7. Anne Lise Seip (1984). «Kapittel 14: Kreftene bak sosialhjelpstaten». Sosialhjelpstaten blir til: Norsk sosialpolitikk 1740-1920 (norsk). Gyldendal. Henta 5. februar 2018. «s.281» 
  8. Einar Storsteen (1949). ««Norsk Forening for Sosialt Arbeide fyller 40 år».». Sosialt Arbeid (1): 65–86. 
  9. 9,0 9,1 «Diverse årsmøter». Skrifter utg. Av Norsk Forening for Socialt Arbeide 1910-1916 (norsk). 1912. Henta 5. februar 2018. «s.1» 
  10. «Trygghet og økt velferd - Norgeshistorie». www.norgeshistorie.no (norsk). Henta 5. februar 2018. 
  11. http://www.icsw.org/index.php/about-icsw

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]