Fernanda Nissen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fernanda Nissen

Portrett av Fernanda Nissen.
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. august 1862
Sannidal kommune, Kragerø kommune
Død

3. april 1920 (57 år)
Barmen

Yrke politikar, lærar, journalist, skribent, litteraturkritikar, redaktør
Språk norsk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Far Thomes Thomesen
Ektefelle Lars Holst, Oscar Nissen
Fernanda Nissen på Commons

Petra Gregorine Fernanda Holst Nissen (fødd 15. august 1862 i Sannidal, død 3. april 1920 Barmen i Tyskland)[1] var ei norsk kvinnesakskvinne, litteratur- og teaterkritikar og arbeidarpartipolitikar.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Fernanda Nissen vaks opp i eit borgarleg miljø i Kragerø, men utvikla seg til sosialist i den politiske orienteringa si. Det politiske arbeidd starta i den borgarlege kvinnerørsla. Nissen arbeidde for Norsk Kvinnesaksforening og var med i diskusjonsforeninga Skuld. I 1889 var ho ein sentral person i Fyrstikkarbeidarstreiken i Kristiania og vart aktiv i Arbeidarpartiet.[1]

I avisa Social-Demokraten blei ho aktiv i både litteratur- og teaterarbeidet. Nissen var fast litteratur- og teaterkritikar for avisa frå 1892 til 1918. I tillegg til å arbeida som journalist omsette ho føljetongar.[2] Nissen blei etter kvart vald inn i skulestyret i Kristiania (1908) og bystyret i (1910). Ho var engasjert i politiske saker knytte til barneheimar, aldersheimar, fødselsheimar, betre kår for jordmødrer og menneskelege butilhøve også for arbeidarklassen. Nissen var også medlem av tilsynsutvalet for Kristiania Kretsfengsel.

Fernanda Nissen arbeidde hardt for opprettinga av husmorskular, og i 1916 blei Oslo kommunale Husmorskole oppretta på Grønland i Kristiania. I 1930 blei denne skulen flytta til Borggata 2b og lokala til den tidlegare Grønland gutte- og folkeskole. Skulen fekk seinare namnet Fernanda Nissen videregående skole.[3]

Det andre store interesseområdet til Nissen var kulturpolitikk. Ho arbeidde for bygginga av Folketeatret, og var medlem av tilsynet for Deichmanske bibliotek frå 1914 til ho døydde.

I 1909 blei ho redaktør for det sosialdemokratiske tidsskriftet Kvinden. Nissen skreiv teateroversikter for kvinneblada Urd og Hjemmenes vel.

Familie[endre | endre wikiteksten]

Nissen var gift to gonger, første gong med Venstremannen og redaktøren Lars Holst, som ho vart skild frå i 1895. Same året gifta ho seg med Oscar Nissen.[1]

Ho var mor til forfattaren Helge Holst.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Fernanda Nissen i Norsk biografisk leksikon
  2. Bjørkøy, Vigdis: «Ofret alt for «saken» og kjærligheten» (Hjemmet 23. april 2012, s. 119-121)
  3. «Fra stemmerettskrav til kvinneregjering». arbeiderpartiet.no. Arkivert frå originalen 27. september 2007. Henta 20. juli 2007. 
  4. Virkelighetsskildringene tar luven fra romanene. Gyldendals bokliste lagt fram. Tre debutanter og mange gode gamle. Arbeiderbladet. 23. september 1937. «(----) Helge Holst - Fernanda Nissens sønn - som denne gang har skrevet en roman fra Sibir under verdenskrigen. Tidligere har han jo utgitt en bok fra Finnmark.» 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne historieartikkelen som har med Noreg å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.