Kjeller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kjeller i Akershus)
Hopp til navigering Hopp til søk
For rom under terrengnivå, sjå kjellar.

Kjeller er ein tettbygd stad utanfor Lillestrøm i Skedsmo kommune i Akershus fylke. Staden er ein del av tettstaden Oslo.[1] I kort avstand frå Kjeller ligg òg Åråsen stadion, heimebane for fotballklubben Lillestrøm. På Kjeller ligg Kjeller flyplass der både luftforsvaret og fleire flyklubbar held til. I tillegg ligg den eine av dei to reaktorane vi har i Noreg der og jordskjelvstasjonen. På Kjellerholen låg og Tandberg radiofabrikk. Like ved ligg ein alpinbakke der fleire av Noregs best kjente utøvarar utvikla seg på barne- og ungdomsstadiet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ganger Rolf ved Kjeller flyplass, et Maurice Farman MF.7, luftforsvarets første fly
Foto: Anders Beer Wilse

På Kjeller vart Noregs første flyplass bygd (1912) på det som var Kjeller gard. Flyplassen vart etter kvart ein viktig militær flyplass (særleg bygd opp under andre verdskrig). Luftforsvarets flytekniske skole vart oppretta her i 1946, og seinare flytta til Kjevik. I 1955 vart Luftforsvarets Forsyningskommando (LFK) oppretta her, og i 2001 inngått i Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO). I dag huser Kjeller FLOs avdelingar Produksjon, Systemstyring, Forsyning og Tungt vedlikehald.

Teknologi og forsking[endre | endre wikiteksten]

Teknologiområdet på Kjeller (flyfoto 2015)

Teknologi- og forskingsmiljøet på Kjeller er unikt ved at så mange ulike fagmiljø er samla på eit lite geografisk område. Miljøet består i hovudsak av nasjonale forskingsinstitutt med forvaltningsansvar. Teknologimiljøa på Kjeller har i dag meir enn 3000 tilsette, fordelt på tekonolgiselskap og forskingsinstitutt, som arbeider både nasjonalt og internasjonalt. Fleire av institutta er i hovudsak oppdragsinstitutt som konkurrerer nasjonalt og internasjonalt. De viktigaste verksemdene er:

  • Forsvarets Forskningsinstitutt (FFI) har til formål å drive forsking og utvikling for Forsvarets behov, og skal vere Forsvaret si politiske og militære leiing sin rådgjevar i faglege spørsmål innanfor instituttet sitt arbeidsområde.
  • Institutt for Energiteknikk (IFE) er eit uavhengig forskingsinstitutt for energi- og nukleærteknologi med avdelingar på Kjeller og i Halden.
  • Norsk institutt for luftforskning (NILU) er eit uavhengig forskingsinstitutt, med arbeidsområde innan miljøforsking, med vekt på kjelder til luftureining, atmosfærisk transport, omvandling og avsetning.
  • NORSAR er eit uavhengig forskingsinstitutt med spesialfelt innan forsking, tenester og programvareutvikling relatert til seismologi og anvendt geofysikk.
  • Justervesenet er eit direktorat for måleteknikk underlagt Nærings- og Handelsdepartementet.
  • Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) og Universitetssenteret på Kjeller (UniK) har ca. 3000 studentar på Bachelor-, Master- og ph.d-nivå.

Tidlegare låg Televerket/Telenor Forskning og Utvikling òg på Kjeller, men flytta i 2001[2] til Fornebu. Dåverande Høgskolen i Akershus overtok de gamle lokala til Televerket/Telenor.

Kjeller Teknologipark rommar ulike industrielle aktørar som delvis har sitt utspring i Kjeller-miljøet: Kongsberg Defence and Aerospace, Scandpower, Dynea, Comlab, Rainpower, Datek Wireless og Scandinavian Clinical Research.

Framtidsutsikter[endre | endre wikiteksten]

I 2003–2004 blei det føreslått å flytte Luftforsvarets Hovedverksted Kjeller til Gardermoen (samtidig som 335-skvadronen med Hercules blei planlagd flytta til Rygge), for å muleggjere at Forsvaret kunne avhende flyplassen. Dette førte til høglytte protestar frå Forsvaret på Kjeller og dei mange privatflygarane som hadde flyplassen som base (landets største miljø med private og klubbeigde småfly, veteranfly, akrofly og mikrofly).

Skedsmo kommune har dei seinare åra hatt ein kraftig folkevekst, med utbygging av ikkje-forskingrelatert aktivitet på Kjeller som ei følgje av dette. Det er bygd nye bustader og ein ny grunnskole på Kjeller. Forsvaret har sett i gang med vidare utbygging. Det er planlagt eit nytt og større bustadfelt på område som tidlegare var tiltenkt utviding av forskingsaktiviteten.

Kjente namn knytt til Kjeller[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]