Frank Hansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frank Hansen
Frank Hansen 1971.jpg
Fødd 4. august 1945
Oslo
Yrke roar
Frank Hansen på Commons

Frank Hansen (fødd 4. august 1945) er ein norsk tidlegare roar og olympisk meister frå Tøyen i Oslo. Han rodde ofte saman med veslebroren Alf Hansen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Frank Hansen var innom både ski og bryting før han enda opp med roing som "sin" idrett i 1962. Han dreiv mykje med einarroing fram til 1970-talet, og deltok i internasjonale roarregattaar i Ratzeburg og Luzern. På denne tida hadde ikkje nordmenn delteke i desse tevlingane tidlegare. Under sommar-OL 1972 i München rodde Hansen dobbeltsculler saman med Svein Thøgersen, og dei tok olympisk sylv. Etter dette vart det veslebroren Alf Hansen som vart Frank sin faste makker.

I 1975 vart brørne Hansen for fyrste gong verdsmeistrar i dobbeltsculler, og vann for dette Morgenbladets gullmedalje. Brørne deltok i Sommar-OL 1976 i Montreal og tok gull i dobbeltsculler; den einaste gullmedaljen Noreg fekk i leikane dette året. For denne sigeren vann dei Fearnleys olympiske ærespris same året. Også i åra 1978 og 1979 vart brørne verdsmeistrar.

Då Noreg i 1980 boikotta Sommar-OL 1980 i Moskva, la Frank Hansen opp som profesjonell roar. Då hadde han vunne olympisk gull og sylv, tre VM-gull, samt fleire andre medaljar. Etter at han la opp, vart Frank Hansen norsk landslagstrenar i roing.

Heider[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]