Fred Mandel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fred Mandel
Føddca. 1953
FødestadEstevan i Saskatchewan i Canada
OpphavCanada
Sjangerrock
InstrumentKeyboard, gitar
Verka somStudiomusikar

Frederick Lawrence «Fred» Mandel er ein kanadisk studiomusikar, som spelar keyboard[1] og gitar.

Mandel vart involvert i musikk frå tidleg alder. Han byrja å spele piano då han var fire år og gitar då han var åtte. I 1964, elleve år gammal, flytta familien til Toronto der han vart ein del av det lokale miusikkmiljøet og fekk med seg konsertar med mange store sekstitalsartistar som Jimi Hendrix, The Who og The Rolling Stones.

Mandel spelte først på plate med Domenic Troiano (som han var medlem i på den tida). Troiano vart invitert til å spele på den første soloplata til Alice Cooper og fekk med seg Mandel på klaverinstrument. Dette førte til at Alice Cooper inviterte Mandel med seg i konsertbandet sitt. Mandel spelte med Alice Cooper i fire år (1977-1980) og spelte etter kvart sologitar og vart til slutt musikalsk leiar.[1]

Under arbeidet med Alice Cooper vart Mandel invitert til å spele klaverinstrument[2]Pink Floyd-albumet The Wall og dette vart følgd opp med somme innspelingar med Cheap Trick.[1]

I 1982 vart Mandel spurt om han kunne spele på turneen til Queen etter albumet Hot Space (Hot Space-turneen). Han fekk eit godt forhold med bandet og vart seinare invitert med som studiomusikar på albumet The Works. Han vart slik den første viktige gjestartisten på ei Queen-plate. Mandel spelte på «Man on the Prowl» og tre av singlane på albumet, «Radio Ga Ga», «Hammer to Fall» og «I Want to Break Free» (mellom anna synthesizersoloen på sistnemnde). Mandel spelte òg på to av Queen sine soloprosjekt, Brian May-albumet Star Fleet Project frå 1983 og Freddie Mercury-albumet Mr. Bad Guy frå 1985.

Etter Queen drog Mandel på turné med Supertramp, som spelte dei siste konsertane sine med den originale besetninga. Sidan fekk Mandel høve til å spele med tenåringsidolet sitt, Elton John.[3] Mande har sidan arbeidd meir med Supertramp og andre musikarar i studio.

Utvald diskografi[endre | endre wikiteksten]

Film:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Bernardin & Stanton 1996
  2. «Fred Mandel Credits». allmusic.com. Allmusic. Henta 7. januar 2012. 
  3. Bernardin & Stanton 1996, s. 159