Freden i Nijmegen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Allegori av fredsavtalen. Ludvig XIV av Frankrike og Karl II av Spania tek kvarandre i handa signa av heilaganden i form av ei fredsdue.

Freden i Nijmegen var ei rekkje avtalar signert i den nederlandske byen Nijmegen mellom august 1678 og desember 1679. Avtalane enda forskjellige samanhengande krigar mellom Frankrike, Dei sameinte Nederlanda, Spania, Brandenburg, Sverige, Danmark, kurfyrstedømet Münster og Det tysk-romerske riket. Den viktigaste avtalen var den første, som skapte fred mellom Frankrike og Dei sameinte Nederlanda.[1]

Freden i Nijmegen. Spansk trykk frå 1679.
Underteikninga av fredsavtalen mellom Spania og Frankrike måla av Henri Gascard.
Freden i Nijmegen. Tysk trykk frå 1679.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den fransk-nederlandske krigen 1672–1678 var opphavet til alle dei andre krigane som formelt vart enda med Nijmegen. Separate fredsavtalar vart arrangert for dei forskjellige krigane som den tredje engelsk-nederlandske krigen og den skånske krigen, menn alle av dei hadde vore ein direkte årsak av, eller var ein del av, den fransk-nederlandske krigen. England var i starten med i krigen på den franske sida, men trekte seg ut i 1674 med freden i Westminster.

Fredsforhandlingane hadde starta så tidleg som 1676, men ein kom ikkje til semje eller signerte noko før 1678. Desse avtalane førte ikkje til langvarig fred. Somme av landa signerte fredsavtalar andre stader, som freden i Celle (Sverige gjorde fred med Braunschweig og Lunenburg-Celle), freden i Saint-Germain (Frankrike og Sverige gjorde fred med Brandenburg) og freden i Fontainebleau (Frankrike dikterte fred mellom Sverige og Danmark-Noreg).

Avtalar underteikna i Nijmegen[endre | endre wikiteksten]

  • 10. august 1678 – Frankrike og Dei sameinte Nederlanda signerte fredsavtale. Sverige var ikkje ein del av avtalen, men ein paragraf i avtalen tvinga Dei sameinte Nederlanda til å vere nøytrale mot Sverige, som dei hadde vore i krig med sidan 1675.
  • 19. september 1678 – Frankrike og Spania signerte fredsavtale.
  • 26. januar 1679 – Frankrike signerte fredsavtale med Det tysk-romerske riket.
  • 26. januar 1679 – Sverige signerte fredsavtale med Det tysk-romerske riket.
  • 19. mars 1679 – Sverige signerte fredsavtale med kurfyrstedømet Münster. Avtalen gjorde òg at alle soldatar frå Münster i dansk krigsteneste måtte trekkjast tilbake.
  • 2. oktober 1679 – Sverige signerte fredsavtale med Dei sameinte Nederlanda.

Vilkår[endre | endre wikiteksten]

Den fransk-nederlandske krigen enda med ein avtale som gav Frankrike kontroll over regionane Franche-Comté og Lorraine.[2]

I tillegg til vinningane som kong Ludvig XIV med freden i Pyreneane i 1659 og freden i Aix-la-Chapelle i 1668, fekk ikkje Frankrike berre grevskapet Burgund (Franch-Comté) frå Det tysk-romerske riket, men òg område i Dei spanske Nederlanda, inkludert byen Saint-Omer med dei gjenverande nordvestlege delane av det tidlegare habsburgske grevskapet Artois, landområda Cassel, Aire og Ypres i det sørvestlege Flandern, bispedømet Cambrai, samt byane Valenciennes og Maubeuge i det sørlege grevskapet Hainault.

Til gjengjeld måtte den franske kongen avstå den okkuperte byen Maastricht og fyrstedømet Oranien til den nederlandske statthaldaren Vilhelm III. Dei franske styrkane trekte seg ut frå fleire okkuperte område nord i Flandern og Hainault.

Keisar Leopold I måtte akseptere fransk okkupasjon av byane Freiburg (fram til 1697) og Kehl (fram til 1698) på høgrebreidda av Rhinen.

Place des Victoires i Paris blei utforma til minne om freden i Nijmegen.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Marc-Antoine Charpentier skreiv eit Te Deum for denne hendinga. Preludiumet til dette musikkverket er òg kjend som Eurovision-melodien.

Place des Victoires i Paris blei utforma til minne om freden i Nijmegen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nolan, Cathal J (2008). Wars of the age of Louis XIV, 1650–1715. ABC-CLIO. s. 128. ISBN 0313330468. Henta 8. desember 2010. 
  2. Horne, Alistair (2004). La Belle Frankrike. USA: Vintage. s. 164. ISBN 9781400034871. Henta 18. januar 2011.