Fredrik Kempe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fredrik Kempe

Fødd29. april 1972 (51 år)
FødestadVårgårda
FødenamnLars Fredrik Kempe
OpphavSverige
Aktiv2001–
Sjangerpop
Instrumentpiano, vokal
Stemmetypetenor
Verka somsongar og låtskrivar, songar, komponist

Fredrik Kempe (fødd 29. april 1972) er ein svensk musikar og låtskrivar frå Vårgårda. Han er no busett i Stockholm.

Tidlegare har Kempe delteke i musikalar, m.a. Les Miserables og Chess. I 2002 vart han kjend i Sverige med pop-låta «Vincéro», som blanda techno med operamusikk.

Kempe deltok i Melodifestivalen 2004 med songen «Finally», og prøvde på nytt i 2005 med «Du och jag mot världen» saman med Sanna Nielsen. Den sistnemnte songen enda på ein åttandeplass.

Fredrik Kempe har gjort seg eit stort namn innan låtskriving, særleg i Melodifestivalen. Mellom anna har han skrive låtane «Hero» av Charlotte Perrelli og «Popular» av Eric Saade, som begge vann festivalen og representerte Sverige i Eurovision Song Contest. Også «My Heart Is Yours», som vart framført av norske Didrik Solli-Tangen i Eurovision Song Contest 2010, var skriven av Kempe i samarbeid med Hanne Sørvaag.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]