Stefan Örn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stefan Örn
Stefan Örn.jpg
Fødd9. januar 1975
FødestadÄlvsborgs län
OpphavSverige
Sjangerrock
Instrumentgitar
Verka somkomponist, gitarist, låtskrivar

Stefan Örn (fødd 9. januar 1975 i Älvsborgs län) er ein svensk musikkprodusent og gitarist som er medlem i musikkgruppa Apollo Drive. Han har vore med å skrive tre aserbajdsjanske bidrag i Eurovision Song Contest: «Drip Drop» i 2010, vinnarbidraget «Running Scared» i 2011 og «When the Music Dies» i 2012.

Eurovision Song Contest 2010[endre | endre wikiteksten]

I 2010 skreiv han songen «Drip Drop» saman med Anders Bagge og Sandra Bjurman. «Drip Drop» vart, saman med to andre songar, ein av dei skrive av mellom anna Örn, framførd i Land of Fire 2010 av Səfurə Əlizadə, Milk and Kisses og Maryam Shabanova. Əlizadə vann tevlinga med «Drip Drop» og fekk representere Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2010 i Bærum i Noreg.[1][2] Songen starta som nummer sju i den andre semifinalen etter Sverige med «This Is My Life» av Anna Bergendahl og før Ukraina med «Sweet People» av Alyosha. Bidraget fekk tolv poeng frå Ukraina, Georgia og Tyrkia, ti poeng frå Irland, Kypros og Kroatia, åtte poeng frå Romania og Slovenia, sju poeng frå Bulgaria, seks poeng frå Sveits, fem poeng frå Israel og Danmark, tre poeng frå Sverige, to poeng frå Litauen og Noreg og eitt poeng frå Nederland. Aserbajdsjan fekk til saman 113 poeng og enda på andreplass av totalt 17 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 126 poeng og vunne og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 89 poeng og enda på tredjeplass.

I finalen starta songen som nummer éin, før Spania med «Algo pequeñito» av Daniel Diges. Bidraget fekk tolv poeng frå Tyrkia, Ukraina, Malta og Bulgaria, ti poeng frå Kypros, åtte poeng frå Georgia, Russland og Polen, sju poeng frå Spania, Noreg, Moldova, Bosnia-Hercegovina og Israel, seks poeng frå Kviterussland, fem poeng frå Belgia, fire poeng frå Island, tre poeng frå Irland og Makedonia, to poeng frå Danmark, Latvia og Sveits og eitt poeng frå Hellas. Aserbajdsjan fekk til saman 145 poeng og enda på femteplass av totalt 25 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøyster hadde bidraget fått 161 poeng og enda på femteplass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 116 poeng og enda på niandeplass.

Eurovision Song Contest 2011[endre | endre wikiteksten]

Ell & Nikki som representerte Aserbajdsjan og vann Eurovision Song Contest 2011 med songen «Running Scared».

Saman med Sandra Bjurman og Iain Farquharson skreiv han songen «Running Scared» som vart valt ut internt som det aserbajdsjanske bidraget i Eurovision Song Contest 2011 i Düsseldorf i Tyskland. Nigar Camal og Eldar Qasımov, som framførde songen i Eurovision Song Contest som duoen Ell & Nikki, vart valt ut gjennom tevlinga Milli Seçim Turu 2010. Det var opphavleg Camal som vann Milli Seçim Turu 2010, medan Qasımov enda på fjerdeplass, men båe fekk til slutt representere Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2011. Songen starta som nummer 18 i den fyrste semifinalen etter Litauen med «C'est ma vie» av Evelina Sašenko og før Hellas med «Watch My Dance» av Loúkas Jórkas og Stereo Mike. Bidraget fekk tolv poeng frå Tyrkia og Georgia, ti poeng frå Russland, Malta, Kroatia og Litauen, åtte poeng frå Polen og Island, sju poeng frå Ungarn, Portugal og Hellas, fem poeng frå Albania, Finland og San Marino, fire poeng frå Storbritannia og eitt poeng frå Sveits og Spania. Aserbajdsjan fekk til saman 122 poeng og enda på andreplass av totalt 19 bidrag. Dei gjekk dimed vidare til finalen. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 124 poeng og enda på andreplass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 109 poeng og enda på andreplass.

I finalen starta songen som nummer 19, etter Austerrike med «The Secret Is Love» av Nadine Beiler og før Slovenia med «No One» av Maja Keuc. Bidraget fekk tolv poeng frå Russland, Tyrkia og Malta, ti poeng frå Moldova, Romania, Ukraina, San Marino og Kroatia, åtte poeng frå Bosnia-Hercegovina, Litauen, Estland, Austerrike, Island, Georgia, Polen, Albania, Portugal og Kypros, sju poeng frå Ungarn og Slovakia, seks poeng frå Frankrike, Nederland og Kviterussland, fem poeng frå Finland og Hellas, fire poeng frå Israel, tre poeng frå Sverige og Belgia, to poeng frå Latvia]] og eitt poeng frå Sveits. Aserbajdsjan fekk til saman 221 poeng og vann av totalt 25 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 223 poeng og vunne og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 182 poeng og enda på andreplass.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Səbinə Babayeva som representerte Aserbajdsjan i Eurovision Song Contest 2012 med songen «When the Music Dies».

Etter sigeren til Aserbajdsjan i 2011 fekk han på nytt vere med òg skrive bidraget til landet. Saman med Anders Bagge, Sandra Bjurman og Johan Kronlund skreiv han songen «When the Music Dies». Səbinə Babayeva, vinnaren av Milli seçim turu 2012, fekk framføre songen i Eurovision Song Contest 2012 i Baku i Aserbajdsjan. Songen var direktekvalifisert til finalen og starta som nummer 13, etter Noreg med «Stay» av Tooji og før Romania med «Zaleilah» av Mandinga. Bidraget fekk tolv poeng frå Litauen, Tyrkia, Malta og Ukraina, ti poeng frå Russland, Moldova, Bulgaria og Georgia, åtte poeng frå Kypros og Israel, sju poeng frå Bosnia-Hercegovina og Kviterussland, seks poeng frå Slovakia, fem poeng frå Hellas og Montenegro, fire poeng frå Albania og San Marino, tre poeng frå Serbia, to poeng frå Storbritannia og Makedonia og eitt poeng frå Irland. Aserbajdsjan fekk til saman 150 poeng og enda på femteplass av totalt 26 bidrag. Hadde ein berre nytta telefonrøystar hadde bidraget fått 151 poeng og enda på femteplass og hadde ein berre nytta juryrøystar hadde bidraget fått 118 poeng og enda på åttandeplass.

Songen vann Marcel Bezençon Awards i kategorien Press Award.

Melodifestivalen 2013[endre | endre wikiteksten]

I Melodifestivalen 2013 skal han delta som låtskrivar saman med Louise Hoffsten og Sandra Bjurman. Dei har skrive songen «Only The Dead Fish Follow The Stream», som vil verte framførd av Louise Hoffsten.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hondal, Victor (18. mars 2010). «Safura to sing Drip drop in Oslo» (på engelsk). ESCToday. Henta 20. november 2012. 
  2. Siim, Jarmo (18. mars 2010). «Safura takes Drip Drop to Oslo» (på engelsk). Eurovision.tv. Henta 20. november 2012. 
  3. «Här är de första artisterna i Melodifestivalen 2013» (på svensk). Sveriges Television. 19. november 2012. Henta 21. november 2012.