Robin Stjernberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Robin Stjernberg

Robin Stjernberg i samband med opninga av ABBA-museet i Stockholm i 2013.
Fødd22. februar 1991
FødestadHässleholm i Sverige
FødenamnRobin James Olof Stjernberg
AliasRobin Stjernberg
OpphavSverige
Aktiv2006–i dag
SjangerPop
InstrumentVokal
Tilknytte artistarWhat's Up! og Eric Saade
PlateselskapLionheart Music Group
Verka somSongar

Robin James Olof Stjernberg (fødd 22. februar 1991 i Hässleholm) er ein svensk songar.

Melodifestivalen 2013[endre | endre wikiteksten]

I 2012 sendte Stjernberg inn songen «You» til Sveriges Television (SVT). Songen, som er skriven av Linnea Deb, Joy Deb, Joakim Harestad Haukaas og Stjernberg sjølv, vart vald ut av SVT til å delta i Melodifestivalen 2013, den svenske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige. Haukaas har tidlegare vunne Melodi Grand Prix Junior 2003 som ein del av duoen 2U og representerte Noreg i Junior Eurovision Song Contest 2003 der dei enda på 13. plass.

Semifinale 4[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer tre, etter «Must Be Love» av Lucia Piñera og før «Trivialitet» av Sylvia Vrethammar. Bidraget enda på tredjeplass og gjekk vidare til andresjansen.

Andresjansen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer éin, før «Vi kommer aldrig att förlora» av Eric Gadd. Bidraget var mellom dei fire beste og enda opp i ein duell med «In and Out of Love» av Martin Rolinski. «You» fekk flest røystar og enda til slutt opp på andreplass. Bidraget gjekk vidare til finalen saman med «Begging» av Anton Ewald som vann andresjansen.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Songen starta som nummer ni, etter «Copacabanana» av Sean Banan og før «Tell the World I'm Here» av Ulrik Munther. Bidraget fekk til saman 166 poeng og vann av totalt 10 bidrag. Det var fyrste gong eit bidrag som hadde delteke i andresjansen vann Melodifestivalen. «You» vil vere det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige.

Eurovision Song Contest 2013[endre | endre wikiteksten]

Sidan Sverige er vertsland for Eurovision Song Contest 2013 var landet direktekvalifisert til finalen.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]