Fredrik Stang Lund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fredrik Stang Lund

Fredrik Stang Lund (17. november 185913. juni 1922) var ein norsk jurist frå Kristiania, statsråd 1895-98. Han var dotterson til statsminister Frederik Stang.

Lund var son til ein prest. Han vart utdanna cand.jur. frå universitet i 1881 og fekk offentleg stipend til å studere vidare i Berlin og München. Høgsterettsadvokat frå 1885.

Lund var i fleire år medlem i Kristiania bystyre, ordførar i kommunen i 1895. Då Francis Hagerup danna si fyrste regjering i oktober 1895, vart Lund utnemnd til sjef for Revisjonsdepartementet. Etter å ha gjort teneste ved den norske statsrådsavdelinga i Stockholm i 1896/97, var han sjef for Arbeidsdepartementet til regjeringa gjekk av i februar 1898. Både før og særleg etter han var statsråd vart Lund ofte med i komitear og kommisjonar oppretta av det offentlege.

I 1908 var Lund mellom stiftarane av Den norske Saksførerforening, og var formann i foreininga frå 1916 til han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]