Fritz Hilpert
Fritz Hilpert | |
![]() | |
Fødd | 31. mai 1956 (66 år) |
---|---|
Fødestad | Amberg i Tyskland |
Opphav | Tyskland |
Aktiv | 1987 til i dag (på scenen) |
Instrument | Elektronisk perkusjon |
Tilknytte artistar | Kraftwerk |
Verka som | Lydteknikar |
Friedrich «Fritz» Hilpert (fødd 31. mai 1956) er ein tysk musikar som er medlem av electro-popgruppa Kraftwerk.
Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]
Fritz Hilpert studerte trompet og perkusjon ved Musisches Max-Reger-Gymmnasium i Tyskland, fram til 1976. Han spelte òg trommer i fleire band på den tida. Frå 1978 studerte han lydteknikk ved Musikhochschule Rheinland og FH Düsseldorf. I 1986 var han ingeniørkvalifisert (tysk ekvivalent til Master of Science) i audio- og biletteknologi.
Han arbeidde som lydteknikar med fleire tyske band som New-Wave-bandet Din A Testbild før han kom i kontakt med Kraftwerk i 1987.
I tillegg til studioarbeid erstatta han Wolfgang Flür på konsertane til Kraftwerk då dei turnerte i 1990, og han var lydteknikar på albumet The Mix, som kom 1991.
Han har medverka musikalsk til komposisjonane til Kraftwerk sidan Expo 2000 i 1999. Han er tilskriven som medlåtskrivar på dei fleste songane på albumet Tour de France Soundtracks. I lag med Henning Schmitz arbeider han som lydprogramerar og lydteknikar ved Kling Klang studio og styrer nettstsidene Kraftwerk.com og Klingklang.com.