Henning Schmitz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Henning Schmitz
Henning Schmitz.jpg
Fødd26. desember 1953
FødestadTyskland
OpphavTyskland
Aktiv1991 til i dag
1978 til i dag som lydteknikar
InstrumentSynthesiser
Elektronisk perkusjon
Tilknytte artistarKraftwerk
Verka somLydteknikar

Henning Schmitz (fødd 26. desember 1953) er ein tysk musikar som er medlem av det elektroniske/eksperimentelle popbandet Kraftwerk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Henning Schmitz studerte ved Musikhochschule Rheinland og Fachhochschule Düsseldorf og i 1980 fekk han ingeniærdiplom i audio- og biletteknologi. Frå 1978 arbeidde han med Kraftwerk som lydteknikar og var først omtalt på plateomslaget til Electric Café i 1986, og erstatta seinare det kortvarige medlemmet Fernando Abrantes på konsertane deira frå 1991 og frametter. Han har òg skapt forskjellige musikkstykke og lydeffektar for radioprogram produsert av WDR sidan midten av 1980-åra og arbeider i dag som frilansforelesar ved Robert-Schumann-Institut og stundom produsent for andre artistar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]