Conny Plank

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Conny Plank
Fødd3. mai 1940(1940-05-03)
FødestadHütschenhausen
Død18. desember 1987
DødsstadKöln
FødenamnKonrad Plank
OpphavTyskland
Aktiv1969–1987
SjangerEksperimentell rock
Krautrock
New Wave
Elektronisk musikk
Ambient musikk
Progressiv rock
Techno
Electronica
InstrumentSynthesizer
Klaverinstrument
Gitar
Perkusjon
Tilknytte artistarCan
Cluster
Holger Czukay
D.A.F.
Brian Eno
Eurythmics
Harmonia
Hunters & Collectors
Jane
Kluster
Kraan
Kraftwerk
Guru Guru
Killing Joke
Liliental
Dieter Moebius
Moebius & Plank
Gianna Nannini
Mani Neumeier
Neu!
Night Sun
Organisation
Os Mundi
Play Dead
Hans-Joachim Roedelius
Scorpions
Mayo Thompson
The Tourists
Ultravox
The Meteors
PlateselskapSky
Drag City
Curious Music
Brain
Verka somProdusent, musikar

Konrad «Conny» Plank (3. mai 194018. desember 1987) var ein tysk plateprodusent og musikar. Kreativiteten hans som lydteknikar og produsent var medverkande til å skape mange innovative innspelingar i popmusikken i Europa, innanfor mange sjangrar som progressiv rock, avantgarde, elektronisk musikk og krautrock. Den omfattande katalogen hasn har i stor grad inspirert moderne studioproduksjon og studioteknikkar. I følgje Allmusic så var Conny Plank for krautrock det Phil Spector var for popmusikk.

Som musikarar spelte Plank på album av Guru Guru, Kraan, Cluster, Liliental og Os Mundi. Han samarbeidd med Dieter Moebius på fem studioalbum av Moebius & Plank mellom 1979 og 1986. Moebius & Plank gav eit varsel om techno og electronica som påverka mange seinare musikarar.

Han starta karrieren med å arbeide for Marlene Dietrich, men det var først då han produserte dei første platene til Kraftwerk at han byrja å vert kjend som ein dugande produsent. Som prodsuent, lydteknikar og mellommann på dei tre legendariske albuma til Neu! i 1970-åra (uoffisielt var han det tredje medlemmet), sementerte Plank statusen sin som ein av dei viktigaste studiopersonlegdomane i eksperimentell rock. Han arbeidde i sitt eige studio i Köln med tyske band som Grobschnitt, Guru Guru, Kraan og Scorpions, i tillegg til ikkje-tyske band som Ultravox, Devo, Killing Joke og Eurythmics.

Plank døydde seint i 1980-åra av kreft.

Innspelingar[endre | endre wikiteksten]

Plank var involvert i følgjande album, anten som direkte bidragsytar eller fordi studioet hans vart nytta:

1969

1970

1971

1972

1973

1974

1975

1976

1977

1978

1979

1980

1981

1982

1983

1984

1985

1986

1987

Plater som kom ut etter han døydde

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]