Autobahn av Kraftwerk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Autobahn
Studioalbum av Kraftwerk
Utgjeve 1. november 1974
Innspelt 1974 ved Conny Plank's Studio i Köln i Tyskland
Sjanger Krautrock, elektronisk, lydlandskap
Lengd 42:26
Selskap Philips
Vertigo
Produsent Conny Plank
Ralf Hütter
Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi
Ralf und Florian
(1973)
Autobahn Radio-Activity
(1975)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[1]
Robert ChristgauB−[2]
Q4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[3]
Mojo4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[4]
Uncut5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[5]
Rolling StoneSarcastic/Negative[6]
Piero Scaruffi7/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[7]
Drowned in Sound9/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[8]

Autobahn er det fjerde studioalbumet til det tyske electronicabandet Kraftwerk, som kom ut i november 1974. Det 22 minuttar lange tittelsporet «Autobahn» vart redigert ned til 3:27 for ei singelutgjeving og nådde 25. plass på den amerikanske Billboard Hot 100 og 22. plass på den australske singellista. I Europa nådde singelen enno høgare med ein 11. plass i Storbritannia og ein 12. plass i Nederland. Denne salssuksessen kom etter at bandet hadde gjeve ut tre eksperimentelle og reint instrumentelle album. Ein trur at singelen var den einaste internasjonale hitten til Vertigo Records.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Autobahn er ikkje eit fullstendig elektronisk album, sidan det vert nytta fiolin, fløyte og gitar i lag med synthesizerar. Tittelsporet nytta både uhandsama vokal og vocodervokal. Dei andre stykka er heilt instrumentale. Kraftwerk nyttar ein Minimoog, ein ARP Odyssey, ein EMS Synthi AKS og forskjellige eigne apprat dei hadde laga sjølv, som dei kjende elektroniske trommene.

Tittelsporet var meint å fange kjensla av å køyre på Autobahn: frå reisa gjennom landskapet, den høge farten i forbikøyringsfeltet, til å skru på bilradioen og det monotone i ei lang reise. Han skildrar A 555 frå Köln til Bonn som var den første Autobahn som vart laga. Han vart bygd under major Konrad Adenauer i 1929 til 1932 utan vegkryss.

Dei gjenverande spora har ein todel struktur - ein introduksjon etterfølg av ein hovuddel - og er laust basert på eit natt-tema. Det byrjar med tvillingspora «Kometenmelodie (Comet Melody) 1 og 2», så den illevarslande-aktige «Mitternacht» (Midnight) og det siste sporet «Morgenspaziergang» (Morning Stroll). Dette siste sporet byrjar som daggry med fuglesang skapt av elektroniske instrument og ein lang avslutningsdel som gjentar variasjonar av melodiske frasar frå dei instrumentale delane av «Autobahn».

Plateomslaget til den originale tyske utgåva vart laga av Emil Schult, som samarbeidde i lang tid med Kraftwerk. Han var òg med på å skrive teksten til songen «Autobahn». Versjonen som kom ut i Storbritannia på Vertigo i 1974 hadde eit anna plateomslag, laga av marknadsavdelinga i plateselskapet.

Biletet på baksida av den originale plata syner Hütter, Schneider, Röder og Emil Schult som latar som dei sit i baksetet på ein bil. Hovudet til Wolfgang Flür vart lagt til gruppefotoet då det vart avgjort at han vart permament medlem av bandet. I utgåva frå 2009 var dette biltet erstatta av det originale fotografiet att.

Klaus Röder var ikkje medlem av bandet særleg lenge og hadde slutta før innspelinga av albumnet var ferdig.

Konrad Plank spelte visstnok ei viktig rolle i å utvikle Kraftwerk-stilen,[9] og mykje av innspelinga og alt av miksinga fann stad i studioet hans i Köln. Bidraga til Plank vart tydeleg når ein samanliknar albumversjonen av «Kometenmelodie» med demokvaliteten på singelen «Kohoutek-Kometenmelodie», som vart spelt inn utan at han medverka.

Flür hadde spelt i bandet sidan seint i 1973, første gong på eit TV-show i Berlin for å marknadsføre albumet Ralf und Florian. På showet debuterte han på det sjølvbygde elektroniske trommesettet, og dette vert mykje nytta på Autobahn-albumet.

Ei nymastra utgåve av albumet kom ut på EMI Records, Mute Records og Astralwerks Records på CD og som digital nedlasting i oktober/november 2009, med ei tung vinylutgåve ein månad seinare.

Ein kvadrofonisk miks vart gjeve ut på åttebandskassett.

6. februar 2013 spelte gruppa heile albumet på den første av åtte konsertar ved Tate Modern i London.[10]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All tekst skriven av Ralf Hütter, Florian Schneider, Emil Schult, all musikk komponert av Hütter, Schneider.

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Autobahn»   22:43
Side to
# Tittel Lengd
2. «Kometenmelodie 1» (Comet Melody 1) 6:26
3. «Kometenmelodie 2» (Comet Melody 2) 5:48
4. «Mitternacht» (Midnight) 3:43
5. «Morgenspaziergang» (Morning Walk) 4:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Erlewine, Stephen Thomas (2011 [last update]). «Autobahn – Kraftwerk | AllMusic». allmusic. Henta 24. mars 2013. 
  2. Christgau, Robert (2011 [last update]). «Robert Christgau: CG: Kraftwerk». robertchristgau.com. Arkivert frå originalen den 15 July 2011. Henta 24. mars 2013. 
  3. Q (10/95, s.141) - 4 Stars - Excellent - «...23 minutes of synthetically simulated road miles, with several fascinating segments and hauntingly lovely tunes....A remarkable journey--and one that needs to be heard on headphones..."
  4. Snow, Mat (November 2009). «Gut Vibrations». Mojo (London: Bauer Media Group) (192): 110. ISSN 1351-0193. 
  5. Cavanagh, David. «Uncut Reviews: Kraftwerk – Reissues». Uncut. Henta 22 October 2009. 
  6. Mendelsohn, John (2011 [last update]). «Kraftwerk: Autobahn : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Henta 24. mars 2013. 
  7. http://www.scaruffi.com/vol3/kraftwer.html
  8. Power, Chris (2011 [last update]). «Kraftwerk – Autobahn: Remastered / Releases / Releases // Drowned In Sound». drownedinsound.com. Henta 24. mars 2013. 
  9. Flür, Wolfgang (29 November 2000). Kraftwerk: I Was a Robot. Sanctuary Publishing. ISBN 1-86074-320-X.  Dette vart skildra i detalj i sjølvbiografien til Flür, der han skildrar dei mange møta med Plank heime og i studioet, og korleis rolla hans sidan vart bagatellisert.
  10. «Kraftwerk kick off Tate Modern retrospective». BBC News. Henta 24. mars 2013.