Klaus Dinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Klaus Dinger
Fødd24. mars 1946(1946-03-24)
FødestadDüsseldorf
Død21. mars 2008 (61 år)
DødsstadDüsseldorf
OpphavTyskland
Aktiv1968-2008 (under forskjellige namn)
SjangerKrautrock
proto-punk
art-rock
post-punk
InstrumentTrommer
gitar
vokal
klaverinstrument
synthesiser
kazoo
Tilknytte artistarNeu!
La Düsseldorf
La! Neu?
Kraftwerk
Die Engel des Herrn
sub-tle.
Lilac Angels
Fritz Muller
1-A Düsseldorf
Thomas Dinger
Japandorf
la-duesseldorf.de
Verka somMusikar, snikkar, kunstnar, plateselskapdirektør, musikkprodusent

Klaus Dinger (24. mars 194621. mars 2008) var ein tysk musikar og låtskrivar mest kjend for bidraga sine i krautrockbandet Neu! Han var òg gitarist og hovudlåtkskrivar i new wave-gruppa La Düsseldorf og ei kort stund perkusjonist i Kraftwerk.

The No, The Smash og Kraftwerk -- 1946-1971[endre | endre wikiteksten]

Klaus Dinger var fødd i Scherfede i Westfalen i Tyskland. Foreldrene flytta frå byen då han var særs hardt skadd etter andre verdskrigen og til Düsseldorf.

Etter å ha slutta på skulen i 1963 byrja Dinger å gå i lære hos faren som snikkar. Han vart òg interessert i musikk og spelte trommer på bitar av tre fram til han kunne få råd til trommer. I 1966 starta han eit band med venene Norbert Körfer, Lutz Bellman and Jo Maassen: The No. Bandet var i stor grad inspirert av engelske rockeband som The Kinks og The Rolling Stones. Bandet sendte eit demolydband til EMI, men selskapet svarte aldri. Han spelte òg i eit frijazzensemble, og laga det han sjølv kalla «støy». Under ein konsert i Düsseldorf med dette ensemblet såg han Florian Schneider, som han seinare spelte med i Kraftwerk, som sat i publikum (Dinger sa Schneider «Hadde eit andlet eg aldri vil gløyme»).[1] Schneider vart på den tida med i eit frijazz-ensemble kalla Pissoff fronta av ein annan framtidig samarbeidspartnar, Eberhard Kranemann.

I 1966 byrja Dinger å studere arkitektur i Krefeld. I 1968 tok han ein seks månadar lang pause etter å ha opplevd LSD for første gongen, slik at han kunne bli ein betre trommeslagar. I 1969 vart The No oppløyst og han vart med i coverbandet The Smash som spelte i Sør-Tyskland. Han forstod at han kunne leve av musikken og gjekk aldri tilbake arkitektstudiane.

Sommaren 1970 fekk Dinger ein telefon frå Ralf Hütter. Hütter var bandkollega med Florian Schneider i Kraftwerk og var nesten ferdig med debutalbumet. Den førre trommeslagaren (Andreas Hohmann) hadde slutta for å bli med i systergruppa Ibliss erre berre to songar på albumet var ferdig. Hütter og Schneider prøvde å finne ein ny trommeslagar og Dinger vart teken inn som permanent medlem av bandet. Han flytta inn hos foreldra til Schneider som leigebuar og vart kjæraste med Anita, ein ven av syster til Florian. Dei var i lag det meste av tida i Neu! og Kraftwerk.

I 1972 spelte Dinger med Kraftwerk på det tyske TV-showet Beat Club. Kort tid etter slutta Rother og Dinger i Kraftwerk og danna sitt eige band: Neu!.

I juni 1971 flytta kjæraste til Dinger og familien hennar til Noreg. Her vitja Dinger ho sommaren 1971 og tok opp lyden av vatn som vart nytta på fleire komande songar.

Neu! -- 1971-1973[endre | endre wikiteksten]

Neu! kom raskt i gang med dei første innspelingane med Krautrock-produsenten Konrad Plank. Det var under dessed innspelingane at Dinger spelte sin første kjende «motorik»-rytme. Motorik er ein hypnotisk 4/4-rytme som går og går utan mange endringar, kanskje mest tydeleg på «Hallogallo». Dinger sjølv kalla det «Apache-beat».

Oppfølgjarane til debutalbumet, Neu! 2 og Neu! ‘75 varsla om alt frå club-remixar til punk. Dei selde heller dårleg men duoen fekk stor innverknad. Brian Eno sa seinare «Det var tre store rytmar i 1970-åra: Afrobeaten til Fela Kuti, funken til og Neu!-rytmen til Klaus Dinger.» Etter at Neu! gav seg i 1975, starta Dinger eit electronicaprosjekt kalla La Düsseldorf med brørne Thomas og Hans Lampe, og som sidan spelte inn fleire album under namnet La! Neu?. Seint i 1985 kom han og Rother saman att for ei innspeling som etter kvart vart avslutta før det kom ut noko album. Det som vart spelt inn under desse innspelingane kom ut ti år seinare som Neu! 4. På den tida hadde duoen byrja å vert omtalt som ei inspirasjonskjelde for ein generasjon av elektronisk pop og avant-rock-grupper som Stereolab, Sonic Youth og Radiohead.

Dinger døydde av hjarteproblem den 20. mars 2008, berre fire dagar før han fylte 62.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

med Kraftwerk

med Neu!

med La Düsseldorf

soloalbum

  • Neondian (1985, gjeve ut som K.D. + Rhenita Bella Dusseldorf, på ny i 2006 som Mon Amour av la-duesseldorf.de)
  • Blue (1987, gjeve ut 1999 som la! Neu?)

med Die Engel des Herrn

med la! Neu?

med la-duesseldorf.de

  • Mon Amour (2006, nyutgjeving av Neondian med bonusspor)
  • Viva Remix (ikkje gjeve ut enno, ein miks av det andre albumet til La Düsseldorf)
  • Pre-Japandorf: Live 2000! (konsertalbum, ikkje gjeve ut enno)

produsert av Dinger

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.dingerland.de/Talks/pop_int.html

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]