Ralf und Florian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ralf und Florian
Studioalbum av Kraftwerk
Utgjeve Oktober 1973 - Tyskland
sidan gjeve ut i andre land
Innspelt Mai-juli 1973 ved:
Kraftwerk Studio — Düsseldorf
Cornet Studio — Köln
Rhenus Studio — Köln
Studio 70 — München
Sjanger Krautrock, elektronisk
Lengd 37:41
Selskap Philips
Vertigo
(Out of print)
Produsent Conny Plank
Ralf Hütter
Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi
Kraftwerk 2
(1972)
Ralf und Florian Autobahn
(1974)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Piero Scaruffi7/10 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

Ralf und Florian (engelsk tittel: Ralf and Florian) er det tredje studioalbumet til det tyske electronicabandet Kraftwerk, gjeve ut i oktober 1973. I motsetnad til seinare Kraftwerk-album, som hadde språkspesifikke tekstar, er det berre titlane som er forskjellig på den engelske og tyske utgåva.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

I lag med dei to første albuma til Kraftwerk, har ikkje Ralf und Florian vorte offisielt gjeve ut på CD. Albumet har likevel inspirert mange og er eit ettertrakta album, som har eksistert på piratkopierte CDar sidan midten av 1990-åra. Bandet har hinta om at albumet kan kome på CD etter plateboksen The Catalogue kom ut hausten 2009.[3]

Som indikert av tittelen (og som det førre albumet deira), så er alle spora skrivne, framførte og produserte av Ralf Hütter og Florian Schneider, med den formådande Konrad «Conny» Plank som lydteknikar. Albumet har ein rikare og meir polert lydkvalitet enn dei førre albuma, og dette kjem nok av dei mange kommersielle platestudioa dei nytta i tillegg til det enno namnlause Kling Klang-studioet til Kraftwerk. Fargebiletet på baksida av plateomslaget gjev eit levande bilete av den bohemiske tilstanden studioet til Kraftwerk var på denne tida, med eggekartongar festa på veggane for lydisolering.

Albumet er nesten heilt instrumental (utanom ordlaus jodling på «Tanzmusik» og «Ananas Symphonie», som er første gong bandet nytta ei maskinstemme skapt av ein tidleg utgåve av ein vocoder, ein lyd som skulle verte eit varemerke for Kraftwerk). Instrumenteringa byrja å leggje meir vekt på synthesizerar (Minimoog og EMS AKS), men dei mest melodiske og harmoniske klaverpartia vert spelt på eit Farfisa elektrisk piano/orgel. Fløyte og gitar vert òg framleis nytta. Bandet var framleis utan trommeslagar, og fleire spor, særleg «Tanzmusik», nyttar rytmebokslydar frå eit orgel. «Kristallo» inneheld ei slåande rytmisk og elektronisk basslinje (skapt på EMS-synthesizeren med hjelp av vocoderen), men generelt er albumet langt rolegare og mindre rytmisk presist enn dei seinare elektroniske verka til Kraftwerk.

Plateomslaget kom med ein «musicomic»-plakat med teikningar av Emil Schult, som hadde spelt elektrisk fiolin på konsertane til bandet (men ikkje på albumet). Schilt fortsette å samarbeide med Kraftwerk fram til i dag. Teikneserien illustrete kvart spor på albumet, i tillegg til byen Düsseldorf, med biletteksten «In Düsseldorf am Rhein, klingt es bald!», som tyder «I Düsseldorf ved Rhinen, vil det snart høyrast».

Albumet vart ein moderat suksess i tyskland. Trommeslagaren Wolfgang Flür vart henta inn for å spele med Ralf og Florian på eit TV-show i Berlin, kunstshowet Aspekte for tyske WDR TV. Han vart medlem av gruppa etter dette.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Elektrisches Roulette» (Elektrisk Roulette) 4:20
2. «Tongebirge» (Mountain of Sound) 2:50
3. «Kristallo» (Crystals) 6:20
4. «Heimatklänge» (The Bells of Home) 3:45
Side to
# Tittel Lengd
5. «Tanzmusik» (Dance Music) 6:35
6. «Ananas Symphonie» (Pineapple Symphony) 13:55

Merk: Dei engelske omsetjingane er henta frå den amerikanske versjonen av albumet som kom ut på Vertigo i 1975.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Raggett, Ned (2011 [last update]). «Ralf and Florian - Kraftwerk | AllMusic». allmusic.com. Henta 24. mars 2013. 
  2. http://www.scaruffi.com/vol3/kraftwer.html
  3. Dante de Conti & Marcelo Duarte (28. januar 2011). «DATA - INTERVIEWS - DUMMY MAGAZINE - RALF HUTTER - SPRING 2006 - 2012-MAR-6 ::::». Kraftwerk.Technopop.Com.Br. Henta 24. mars 2013. 
  4. (1973) Plateomslagstekst for {{{title}}} avKraftwerk [LP]. Tyskland: Philips (6305 197).