Electric Café

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Electric Café / Techno Pop
Studioalbum av Kraftwerk
Språk tysk
Utgjeve 16. desember 1986
Innspelt 1982–1986
Sjanger Elektronisk
Lengd 35:38
Selskap Kling Klang
EMI
Warner Bros.
Produsent Ralf Hütter
Florian Schneider
Kraftwerk-kronologi 
Computer World
(1981)
Electric Café / Techno Pop The Mix
(1991)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 stars[1]
Mojo2/5 stars[2]
Uncut3/5 stars[3]
Drowned in Sound6/10 stars[4]

Electric Café er det niande studioalbumet til den tyske electronicagruppa Kraftwerk. Albumet kom først ut i 1986. I 2009 vart det gjeve ut at under den originale arbeidstittelen Techno Pop.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Albumet er kjend for at det tok bandet nesten fem år og lage. Arbeidet skal ha starta så tidleg som i 1982 (med arbeidstitlane Technicolor, så Techno Pop), men prosjektet vart utsett då Ralf Hütter vart råka av ei sykkelulukke, og etter kvart vart bandet uroa over at dei ikkje nytta dei aller nyaste teknologiane, og skreiv om mykje av albumet. Albumet vart mastra av Bob Ludwig og kom til slutt ut i 1986. Det er det siste Kraftwerk-albumet med Wolfgang Flür og Karl Bartos, som slutta i gruppa i høvesvis 1987 og 1991.

Electric Café (1986)[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut i 1986 med tittelen Electric Café med versjonar sungne både på engelsk og tysk, i tillegg til ein avgrensa «Edicion Española», med versjonar av songane «Techno Pop» og «Sex Object» med spansk tekst. Det vart det første Kraftwerk-albumet som hovudsakleg nytta digitale musikkinstrument, sjølv om det ferdige produktet framleis vart spelt inn på analoge lydband.

Den første sida av albumet er instrumental utan vanleg synging og i staden med enkelte talte setningar. Songen «The Telephone Call» (tysk «Der Telefon Anruf») på den andre sida er kjend for å vere den første og einaste Kraftwerk-songen med Karl Bartos på solovokal.

Publikum fann generelt musikken noko meir steril og mindre engasjerande enn det førre albumet Computer World. Samanlikna med dei fire førre albuma til bandet, har kritikarane peikt på mangelen på eit sterkt og fengande nok tema som knyter songane på Electric Café saman. I tillegg gjorde den lange pausen sidan det førre albumet at dei mista drivkrafta dei hadde hatt tidlegare i karrieren. Alt i alt gjorde ikkje Electric Café det særleg bra.

Albumet vart spelt inn med hjelp av eit av dei dyraste systema i verda: Synclavier II, the Emu Emulator (tidlegare nytta på «Tour De France» og demoen for albumet «Techno Pop») og forskjellige moderne utstyr som Yamaha FM-maskinar og digitale effektar.

Det vart gjeve ut to singlar frå albumet, «Musique Non-Stop» og «The Telephone Call». Begge kom i lag med musikkvideoar. Begge singlane gjekk til topps på Dance-lista i USA i 1987, men ingen av dei gjorde det særleg bra på poplista. «Music Non-Stop» (basert på den seinare versjonen frå The Mix) har vorte nytta som avslutningsnummer på konsertane til Kraftwerk sidan 1991. Tidleg i 1990-åra vart ein heilt annan versjon av «Musique Non-Stop», som var seinare og meir melodisk, mykje nytta som ein jingle på MTV Europe.

Videoen for «Musique Non-Stop», vart laga i 1984 og kom ut i 1986 der bandet var dataanimert. Animasjonen, som var kompliserte for denne tida, vart skapt av Rebecca Allen ved hjelp av då topp moderne programvare for andletsanimasjon utvikla av Institute of Technology i New York.

Tysk utgåve[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Hütter, Schneider & Bartos, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Boing Boom Tschak»2:57
2.«Techno Pop» (Hütter, Schneider, Bartos & Schult)7:42
3.«Musique Non-Stop»5:45
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Der Telefon-Anruf»8:03
5.«Sex Objekt»6:51
6.«Electric Café» (Hütter, Schneider, Bartos & Maxime Schmitt)4:20

Engelsk og spansk versjon[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Boing Boom Tschak»2:57
2.«Techno Pop»7:42
3.«Musique Non-Stop»5:45
Side to
Nr.TittelLengd
4.«The Telephone Call»8:03
5.«Sex Object»6:51
6.«Electric Café»4:20

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Ralf Hütter – stemme, vocoder, klaverinstrument, elektronikk, mix
  • Florian Schneider – vocoder, talesynthesizer
  • Karl Bartos – elektroniske trommer, elektronisk perkusjon (og stemme på «The Telephone Call»)[5]

Det første Techno Pop-albumet[endre | endre wikiteksten]

Det har vore mykje spekulasjonar i løpet av åra om det finst eit tapt Kraftwerk-album (med songar og innspelingar som ikkje er gjevne ut) frå perioden mellom 1982 og 1986. Kraftwerk er kjend for leve eit tilbaketrekt liv både som musikarar og privatpersonar, men ein har fått eit visst bilete gjennom intervju med dei forskjellige bandmedlemmane.

I 1982 byrja Kraftwerk å arbeide på ein oppfølgjar til det suksessrike og innverknadsrike Computer World. Dette nye albumet skulle opphavleg heite Technicolor, men dette namnet gjekk dei bort frå då tittelen hadde vorte eit varemerke. Tittelen vart då endra til Techno Pop. Piratkopiar av songane «Techno Pop» og «Sex Object» som vert hevda å vere demoar frå desse tidlege innspelingane har sirkulert i årevis, og begge er ganske så forskjellig frå dei endelege versjonane.

Innhaldet på Techno Pop var opphavleg:

1) Techno Pop (som tok opp heile side ein på LPen)
2) The Telephone Call
3) Sex Object
4) Tour de France

Ein av songane frå desse innspelingane, «Tour de France», vart gjeven ut som singel i 1983 og selde moderat bra. Kort tid etter vart Ralf Hütter råka av ei sykkelulukke, og kunne ikkje arbeide med bandet på ei stund.

EMI Records annonserte utgjevinga av Techno Pop med reklamekampanjar, og prosjektet fekk eit offisielt katalognummer. Men bandet var uroa over at produksjonen av albumet ikkje var banebrytande nok til at dei kunne oppretthalde ryktet som audiomessig nyskapande. Den endelege miksen av albumet vart totalt omarbeidd og Hütter reiste til slutt til New York med lydbanda for å arbeide på dei med produsent François Kevorkian. Innspelingane vart ikkje gjevne ut før 1986, og då som Electric Café. Bandet valde å ikkje ta med songen «Tour de France».

Techno Pop (2009)[endre | endre wikiteksten]

Ei nymastra utgåve av Electric Café vart gjeve ut av EMI Records, Mute Records og Astralwerks Records hausten 2009. Tittelen på albumet vart då endra attende til Techno Pop.

Denne utgåva fekk eit bonusspor, der den originale «The Telephone Call» vart byta ut med ein kortare og noko anna 7"-singelmiks.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ankeny, Jason (2011 [last update]). «Elektrisk Cafe - Kraftwerk | AllMusic». allmusic.com. Henta 24. mars 2013. 
  2. Snow, Mat (November, 2009). «Gut Vibrations». Mojo (London: Bauer Media Group) (192): 110. ISSN 1351-0193. 
  3. Cavanagh, David. «Uncut Reviews: Kraftwerk - Reissues». Uncut. Arkivert frå originalen 1. januar 2011. Henta 28. mars 2013. 
  4. Power, Chris (2011 [last update]). «Kraftwerk - Techno Pop: Remastered / Releases / Releases // Drowned In Sound». drownedinsound.com. Arkivert frå originalen 12. oktober 2018. Henta 24. mars 2013. 
  5. Bussy, Pascal (2004). Kraftwerk: man, machine and music. SAF Publishing Ltd. ISBN 0-946719-70-5 – Not credited as such in the album notes, but Bussy's account and the recording itself makes it clear Bartos sang on this track.