Fylkesveg 53

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Fylkesveg 53
53
Tyinvegen, vest for Tyin
Tyinvegen, vest for Tyin
Strekning
LærdalVang
Fylkesveg 53
Informasjon
Lengd 71,6 km
Status fylkesveg
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 53 Fylkesveg 53
Restriksjonar
Nattestenging Tyin - Årdal
(om vinteren)
Sjå òg Fylkesveg 53 (fleirtyding)

Fylkesveg 53 (Fv53) er vegstrekninga som går mellom Tyinkrysset i Vang og Lærdal, via Årdal. Veglengda er 71,6 km, av dette 13,3 km i Oppland og 58,3 km i Sogn og Fjordane.

Strekninga er mest kjend for fjellovergangen Tyin–Årdal, som i utgangpunktet ikkje er vinterstengd, men som kvar vinter har kolonnekjøring eller må stengast mellombels på grunn av uvêr, rasfare eller anna.

Med utgangspunkt ved Tyinkrysset går riksveg 53 av frå E16 ved Tyinkrysset, forbi det tidlegare Tyin Hotell, langs den sørvestre breidda av Tyin, over fjellet og ned til Øvre Årdal, vidare langs den sørlege breidda av Årdalsvatnet til Årdalstangen og så langs den sørlege breidda av Årdalsfjorden før vegen endar i riksveg 5 ca. 1,5 km frå Fodnes ferjekai.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreformen trod i kraft har han status som fylkesveg.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Oppland [endre | endre wikiteksten]

Vang i Valdres

Sogn og Fjordane [endre | endre wikiteksten]

Årdal
Lærdal

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]