Fylkesveg 714

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fylkesveg 714
714
Strekning
Gjølme i Orkdal – Hellesvik i Frøya
Fylkesveg 714
Informasjon
Lengd 129,1 km
Status fylkesveg
Tilstøytande vegar
Stamvei E39.svg 
Sjå òg fylkesveg 714 (fleirtyding).

Fylkesveg 714 (Fv714) går mellom Gjølme i Orkdal kommune og Hellesvik i Frøya kommune. Vegen er 129,1 km lang.

Han tar av frå fylkesveg 710 i Gjølme og går i retning nord-vest til Hemnskjel, i hovudsak gjennom Snillfjord kommune. Frå der går han i tunnel (Hitratunnelen) under Trondheimsleia og over til Jøsnøya i Hitra kommune og vidare over heile øya Hitra i nord-vestleg retning til Kjerringvåg på Dolmøya. Her vender vegen austover over Dolmøya, før han igjen vender nordover gjennom han undersjøiske Frøyatunnelen under Frøyfjorden til Hammarvika i Frøya kommune der han følgjer kystlinja, først austover og deretter nordover til Hellesvik der han møter fylkesveg 716.

Strekninga mellom Fillvatnet og Mastad var tidlegare skilta som riksveg 726.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, men har no status som fylkesveg etter at forvaltingsreforma trod i kraft.

Kommunar og knutepunkt[endre | endre wikiteksten]

Sør-Trøndelag våpen.svg Sør-Trøndelag [endre | endre wikiteksten]

Frøya kommune
Hitra kommune
Sandstad kyrkje, Fv714 går mellom stranda og kyrkja
  • Fv371 frå Kjerringvåg til Bekkneset (3,9 km)
  • bro Vettastraumen bru (ca. 110 m)
  • Fv381 frå Vikstraum til 713 Straum (19,0 km)
  • 713 Vollen
  • Arm frå Fillvatnet til Mastad på Fjellværsøya (10,7 km)
    • bro Krabbsundet bru (316 m)
    • Fv364 frå Mastad til Ulvan (5,8 km), Fv365 til Fv364 Skjerbusdal (15,9 km)
  • Fv361 frå Fillaunet til Fillan kai (0,7 km)
  • Fv342 frå Innerdal til Fv341 Badstuvik (15,2 km)
  • 713 Kuåsmyra
  • Fv341 frå Sandstad til Nordvik
  • Fv343 frå Kalvøya til Jøsnøya (0,6 km)
  • tunnel Hitratunnelen (5645 m, 264 muh.)
Snillfjord kommune
Orkdal kommune
Fv714 møter Fv710 ved Gjølme, ovanfor midten av biletet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]