Hopp til innhald

David Clayton-Thomas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
David Clayton-Thomas

Clayton-Thomas på scenen i Gulfstream Park i Hallandale i Florida
Fødd13. september 1941 (85 år)
FødestadKingston upon Thames, Surrey, England
Død25. juni 2026
DødsstadToronto
FødenamnDavid Henry Thomsett
OpphavCanada, USA
AktivSidan tidleg i 1960-åra
SjangerR&B, rock, funk, pop, jazz
InstrumentVokal, gitar
Tilknytte artistarBlood, Sweat & Tears
Verka somSongar, musikar, låtskrivar, produsent
PrisarCanadian Music Hall of Fame, Canada’s Walk of Fame

David Clayton-Thomas (13. september 1941 som David Henry Thomsett–25. juni 2026) er ein kanadisk musikar, songar og låtskrivar, mest kjend som solovokalist i det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears. Clayton-Thomas har blitt innlemma i Canadian Music Hall of Fame og i 2007 vart songen hans «Spinning Wheel» innlemma i Canadian Songwriter's Hall of Fame. I 2010 fekk Clayton-Thomas ei stjerne på Canada's Walk of Fame.

Clayton-Thomas byrja musikkarrieren sin tidleg i 1960-åra og arbeidde på klubbar i Yonge Street i Toronto. Før han flytta til New York City i 1967, var Clayton-Thomas frontmann i dei lokale banda The Shays og The Bossmen, eit av dei første rockebanda med eit element av jazz. Men den verkelege suksessen fekk han først nokre år seinare då han vart med i Blood, Sweat & Tears.

Det første albumet til Clayton-Thomas med bandet, Blood, Sweat & Tears kom ut i desember 1968 og selde ti millionar eskemplar verda over. Albumet låg sju veker på toppen av den amerikanske Billboard-lista og låg inne på lista i 109 veker. Det vann òg prisen for årets album i USA, og Grammyprisen for beste mannlege vokalist. Det inneheldt tre hitsinglar, «You've Made Me So Very Happy», «Spinning Wheel» og «And When I Die», som kvar nådde andreplassen på singellista i USA.[1]

Med Clayton-Thomas som frontmann i bandet, fortsette BS&T med ei rekkje hitalbum, som Blood, Sweat & Tears 3 med Carole King sin «Hi-De-Ho» og Clayton-Thomas sin «Lucretia MacEvil», og Blood, Sweat & Tears 4, som inneheld nok ein Clayton-Thomas-skriven hitsingel, «Go Down Gamblin'» og «Lisa Listen to Me».

I 1972 gav Clayton-Thomas ut det første soloalbumet sitt etter BS&T, berre kalla «David Clayton Thomas». I 1973 kom det andre soloalbumet hans, Tequila Sunrise og i 1974 Harmony Junction. I 1975 kom Thomas attende som frontmann i Blood Sweat & Tears for albuma New City og More Than Ever i 1976. I 1977 gav dei ut Brand New Day, før Thomas i 1978 gav ut eit nytt soloalbum, berre kalla Clayton. I 1980 gav BS&T ut albumet Nuclear Blues med Thomas. I 2004 drog Clayton-Thomas frå New York til Toronto og skipa sitt eige ti mann store band. Sidan då har han turnert og spelt inn fleire album under sitt eige namn.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
ÅrTittelPlateselskap
1969David Clayton-Thomas!Decca
1972David Clayton-ThomasRepertoire
1972Tequila SunriseColumbia
1973Harmony JunctionRCA
1977ClaytonABC Music
1998Blue Plate SpecialStony Plain
1999BloodlinesDCT
2001The Christmas AlbumFontana North / Maplecore
2005AuroraJustin Time
2006In Concert: A Musical BiographyJustin Time
2007The EvergreensFontana North / Maplecore
2009Spectrum
2010Soul BalladsFuel
2013A Blues for the New WorldAntoinette
2015ComboAudio & Video Labs, Inc.
2016CanadianaAntoinette / Ils / Universal
2018MobiusIls
  • «Walk That Walk», 3. plassen i Canada.
  • «Brainwashed», 11. plassen i Canada.
  • Denne artikkelen bygger på «David Clayton-Thomas» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2020.
  • Clayton-Thomas, David (June 2010). Blood, Sweat and Tears. Penguin Canada. ISBN 978-0-14-317599-5
  • Davis, Clive (Desember 1975). Clive: Inside the Record Business. Ballantine Books. ISBN 978-0345247605
  • LeBlanc, Larry: David Clayton-Thomas (artist biography) <http://davidclaytonthomas.com/>
  • Bloomfield, Michael (September 2000). If You Love These Blues: An Oral History (1st utg.). Backbeat Books. ISBN 978-0-87930-617-5. (with CD of uniussed music)
  • Brooks, Ken (February 1999). The Adventures of Mike Bloomfield og Al Kooper with Paul Butterfield og David Clayton Thomas. Agenda Ltd. ISBN 978-1-899882-90-8.
  • Kooper, Al (February 1977). Backstage Passes: Rock 'N' Roll Life in the Sixties (1st utg.). Stein & Day Pub. ISBN 978-0-8128-2171-0.
  • Kooper, Al (September 1998). Backstage Passes and Backstabbing Bastards: Memoirs of a Rock 'N' Roll Survivor (updated utg.). Billboard Books. ISBN 978-0-8230-8257-5.
  • Kooper, Al (February 2008). Backstage Passes and Backstabbing Bastards (new utg.). Hal Leonard Corporation. ISBN 978-0-87930-922-0.