Galapagosalbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Galapagosalbatross
Galapagosalbatrossar på Española-øya Foto: D. Gordon E. Robertson
Galapagosalbatrossar på Española-øya
Foto: D. Gordon E. Robertson
Utbreiing og status
Status i verda: CR Kritisk trugaUtbreiinga av galapagosalbatross
Utbreiinga av galapagosalbatross
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Albatrossfamilien Diomedeidae
Slekt: Phoebastria
Art: Galapagosalbatross P. irrorata
Vitskapleg namn
Phoebastria irrorata

Galapagosalbatross (Phoebastria irrorata) er einaste albatrossarten med leveområde i ekvatoriale farvatn. På engelsk er òg artsnamnet Waved Albatross brukt i tillegg til Galapagos Albatross.

Når galapagosalbatrossar forlèt hekkekolonien på Española-øya i Galápagos-øygruppa for å beite, flyg dei til eit område utanfor kysten av Peru og Ecuador, ca. 1000 kilometer i aust, og dei held seg i desse kystområda i ikkje-hekkesesongen.

Taksonomi og morfologi[endre | endre wikiteksten]

Galapagosalbatross i flukt
Foto: Putney Mark

Galapagosalbatrossar er ein stor sjøfugl plassert i den biologiske familien Diomedeidae innan ordenen Procellariiformes, stormfuglar. Andre familiar av stormfuglar er eigentlege stormfuglar med lirer, petrellar og havhestar, samt familiane stormsvaler og dukkpetrellar. Som dei tre andre artane i slekta Phoebastria, er galapagosalbatrossar monotypiske, det er ikkje skildra underartar av han.[1] Stormfuglar deler visse karakteristiske morfologiske eigenskapar. Først har dei nesegangane som er festa til oversida av nebbet i ein naseborkanal, kalla naricorn på engelsk, jamvel om albatrossane har desse på sidene av nebbet. Stormfuglnebba er òg unike i at dei er bygd opp av mellom 7 og 9 hornplater. Til slutt, stormfuglar produserer ei mageolje med voksesterar og triglyserider som er lagra i proventriculus. Dette blir brukt mot rovdyr og er dessutan ei energirik, lagra matkjelde for ungar og for dei vaksne på lange flygeturar.[2] Dei har òg ein saltkjertel som ligg ovanfor naseborkanalen og som hjelper til å avsalte kroppen, på grunn av den høge mengda havvatn som dei absorberer. Organet skil ut ei saltoppløysing gjennom nasen deira.[3]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Galapagosalbatrosspar i kurtise
Foto: Wikipediabrukar Barfbagger
Galapagosalbatross (Phoebastria irrorata) er einaste albatrossarten med naturleg leveområde i ekvatoriale farvatn.
Foto: Roar Johansen

Dette er ein mellomstor albatrossart, måler ca. 86-90 cm[4] i lengd, med ei vekt på 3 til 5 kg, og har eit vengespenn på opp til 2,4 meter.[5] Den kremgule farga på halsen og hovudet er karakteristisk for arten, farga står i kontrast til nesten brune kroppar. Endå meir karakteristisk er det særs lange, lysgule nebbet, som ser uforholdsmessig stort ut i tilhøve til eit relativt lite hovud og hals. Dei har òg kastanjebrun overside, og undersida, med unntak for brystet, har fine tverrstriper eller sjatteringar, litt grovare på gumpen. Oversida av venger, ryggen og halen er mørkare brun, bryst og undersida av vengene er lysare. Endeleg har dei lys blågrå føter. Ungfuglane liknar på vaksne, men har meir kvitt på hovudet,[4] ungar har brune, mjuke fjører. Levetida for fuglar av denne arten kan kome opp i 40 til 45 år.

Galapagosalbatrossar hekkar primært på Española-øya, Galápagosøyane. Det har vore observasjonar av ikkje-hekkande fuglar og derfor moglege små tal, rundt 10 til 20, òg av hekkefuglar på Genovesa Island, Galápagosøyane og på Isla de la Plata utanfor kysten av Ecuador.[4] Utanfor hekkesesongen beitar dei på kontinentalsokkelen utanfor kysten av Peru og Ecuador.[4]

Dei primære matkjeldene til galapagosalbatrossar er fisk, blekksprut og krepsdyr. Men dei har òg vorte observert i å ta avfall frå andre matkjelder, inkludert oppgulp frå andre fuglar.[4] Dei finn føde mest effektive ved å søkje innanfor område der byttedyr lever nær overflata, når dei matar ungar vil dei reise 10-100 kilometer bort frå reirplassen for å hente føda.

Kurtise og hekking[endre | endre wikiteksten]

Hoa legg eitt egg i kullet, rett på bakken[6] i lause koloniar som ligg i område av lava med steinblokker og glissen vegetasjon eller småkratt.[4] Kurtise og spel åt galapagosalbatrossar er særs spektakulære. Oppvisingane inkluderer raske sirklingar med nebbet, bukking, nebbklikking, og peiking opp med nebbet samstundes som dei gjer ein 'huu-hu'-lyd. Egglegginga føregår mellom april og juni og rugetida er på ca. to månader etter det. Etter at egget er klekt vil ungen halde seg saman med andre ungar i koloniar medan foreldra drar til havs før å hente føde. Når foreldra kjem attende kan dei mate ungen med opp til 2 kg mageolje. Innan desember når albatrossungen vaksen storleik og i januar kan han forlate kolonien. Ungen vil då vere ute på havet i seks år til han returnerer til kolonien.[7] Til forskjell frå dei fleste andre albatrossartar, vil galapagosalbatrossar freiste å hekke årleg. Dei er monogame og para held saman til ein av dei døyr.

Flyging[endre | endre wikiteksten]

Galapagosalbatrossar er spektakulære flygarar, dei kan halde seg i lufta i timar ved hjelp av dynamisk glideflukt. Men dei har vanskar med å ta av og lande på grunn av dei store vengene. For å gjere det enklare tar dei nokre gongar av frå fjellhyller inne på land. På grunn av høg steglefart har dei vanskar når dei kjem inn til land, og når dei tar av er det vanskeleg å slå ut dei massive vengene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J.F.; T. S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C. L. Wood (august 2011), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6 (Excel spreadsheet), Cornell Lab of Ornithology, henta 9. april 2012 
  2. Double, M. C. (2003). «Procellariiformes (Tubenosed Seabirds)». I Hutchins, Michael; Jackson, Jerome A.; Bock, Walter J.; Olendorf, Donna. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins. Joseph E. Trumpey, Chief Scientific Illustrator (2 utg.). Farmington Hills, MI: Gale Group. s. 107–111. ISBN 0 7876 5784 0. 
  3. Ehrlich, Paul R.; Dobkin, David, S.; Wheye, Darryl (1988). The Birders Handbook (First utg.). New York, NY: Simon & Schuster. s. 29–31. ISBN 0 671 65989 8. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 BirdLife International (2012) Species factsheet: Phoebastria irrorata. Arkivert 2012-10-12 ved Wayback Machine. Henta frå http://www.birdlife.org on 07/04/2012.
  5. Robert H. Rothman, nettsida Waved Albatross, hos Rochester Institute of Technology Henta 7. april 2012
  6. Ridgeley, Robert S. Paul J. Greenfield, The Birds of Ecuador vol II, Christopher Helm London (2001) ISBN 0-7136-6117-8
  7. Nettsida Waved albatross hos BBC Wildlife. Lest 7. april 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]