Georg von Rosen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Georg von Rosen

Statsborgarskap Frankrike, Sverige
Fødd 13. februar 1843
Paris
Død

3. mars 1923 (80 år)
Klara församling

Yrke kunstmålar, universitetslærar
Far Adolf Eugène von Rosen
Mor Euphrosyne Rizo-Rangabé
Georg von Rosen på Commons

Johan Georg Otto von Rosen (13. februar 18433. mars 1923) var ein svensk målar. Han måla for ein stor del historiemåleri og portrett i den akademiske stilen. Rosen var professor ved Konstakademien i Stockholm 1880-1908, og samstundes direktør for same 1881-87 og 1893-99.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Erik XIV och Karin Månsdotter, 1871
Julmarknad, 1872

Georg von Rosen vart fødd i Paris i 1843, der far hans, greven Adolf Eugène von Rosen, var generalkonsul. Under februarrevolusjonen 1848 flykta familien til Sverige. Åra 1855-61 studerte Rosen ved Konstakademien i den svenske hovudstaden. I 1862 reiste han til London for å sjå på verdsutstillinga i byen. Der vart han kjend med belgiaren Hendrik Leys sine arbeid, måleri med scener frå mellomalderen og renessansen måla i ein alderdomleg stil. Leys verk gjorde eit stort inntrykk på Rosen.

Året etter reiste Rosen og oppsøkte Hendrik Leys i Antwerpen og heldt ei tid til i verkstaden hans. Vel heimkomen til Sverige måla han Sten Sture d.ä. intåg i Stockholm. Det mellomalderske bymiljøet med den noggranne attgjevinga av steinlegginga og den nærast usannsynlege rikdomen med bygningsdetaljar kjenner ein att frå frå Leys sine måleri. Rosen vart løna med «kongeleg medalje» for måleriet, og vart hylla av Oscar II for biletspråket, som i høg grad uttrykte idealet i den oscarianske tidsalderen.

Same året, 1863, la Rosen ut på ei lang reise. Han besøkte både Egypt, Palestina, Syria, Det osmanske riket, Hellas og Ungarn, der han studerte måleri. Frå 1866 budde han eit år i Roma, og vitja sidan Leys fram til belgiaren døydde i 1869. Deretter studerte han i München under Carl von Piloty og reiste sidan vidare til Italia, før han kom tilbake til Sverige i 1871. Etter heimkomsten måla han Erik XIV och Karin Månsdotter.

Frå 1880 var Rosen professor i figurteikning og måling ved kunstakademiet i Stockholm. Periodane 1881-87 og 1893-1899 var han direktør for Akademins läroverk. Som direktør for akademiet kom han i konflikt med ein ny generasjon av kunstnarar, dei såkalla opponenterna, som kravde reformer i utdanninga og ved utstillingspraksisen til akademiet. Georg von Rosen var derimot ein målar av den tradisjonelle akademiske skulen. Synet på kunstnaren som dekoratør var honom like framand som motbydeleg. Eit måleri skulle ha noko å seie, ha ein foredlande verknad.

I tida 1892-1900 var Rosen også leiar av Nordiska samfundet till bekämpande av det vetenskapliga djurplågeriet, ein organisasjon som i dag heiter Djurens Rätt.

Han levde ugift og døydde i Stockholm i 1923.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Georg von Rosen