Gerhard Kuiper

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gerard P. Kuiper
Gerard Kuiper 1964c.jpg
Gerard Kuiper i 1964
Fødd 7. desember 1905(1905-12-07)
Tuitjenhorn i Nederland
Død 24. desember 1973 (68 år)
Mexico City i Mexico
Nasjonalitet Nederlandsk-amerikansk
Område Astronomi
Yrke astronom, kartograf, universitetslærar
Institusjonar University of Arizona
Harvard University
University of Chicago
Alma mater Universitetet i Leiden
Doktorgradsrettleiar Ejnar Hertzsprung
Kjend for Kuiperbeltet
Medlem American Academy of Arts and Sciences

Gerard Peter Kuiper (fødd 7. desember 1905 som Gerrit Pieter Kuiper, daud 23. desember 1973) var ein nederlandsk-amerikansk astronom som Kuiperbeltet er kalla opp etter.

Han var professor ved Chicago universitet frå 1943 til 1960, ved universitetet i Arizona i 1960 og direktør for Yerkes og McDonald-observatoria 1947–1949 og 1957–1960, for Lunar and Planetary Laboratory og universitetet i Arizona frå 1961.

Det viktigaste arbeidsområdet hans var dobbeltstjerner, opphavet til solsystemet, planetar og månar. Kuiper oppdaga saturnmånen Miranda og neptunplaneten Nereid og postulerte eit seinare påvist belte av kometar utanfor Neptun og Pluto. I tillegg oppdaga han karbondioksid i atmosfæren til Mars og metan-atmosfæren på Titan i 1944.

Oppkallingar[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til Kuiperbeltet, er asteroiden 1776 Kuiper, krateret Kuipermånen og krater på Mars og Merkur. Det no nedlagde Kuiper Airborne Observatory var òg namnsett etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gerhard Kuiper