Gidske Anderson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gidske Anderson
Gidske Anderson.jpg
Fødd 4. november 1921
Christiania
Død

19. oktober 1993 (71 år)
Oslo

Yrke journalist
Far Yngve Anderson

Gidske Anderson (fødd 4. november 1921 i Kristiania, daud 19. oktober 1993 i Oslo) var ein norsk journalist og forfattar.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Ho var dotter av Yngve Anderson.

Annan verdskrig[endre | endre wikiteksten]

Gidske Anderson deltok i den kommunistiske motstandsrørsla i Noreg under den andre verdskrigen.

Etterkrigstida[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen arbeidde ho som journalist i Friheten, hovudorganet til kommunistpartiet. Ho vart kulturredaktør i avisa fram til 1948, då ho forlét kommunistpartiet og gjekk inn i Arbeidarpartiet.

I 1948 reiste Anderson til Paris, der ho vart frilansjournalist og etterkvart òg frilanskorrespondent for høvesvis Arbeiderbladet og NRK Dagsnytt Radio. Ho fungerte som korrespondent i Frankrike fram til 1964, ein periode i fransk historie som var prega av krigane i Algerie. Røynslene hennar førte til at ho vende attende til denne delen av verda i bokform seinare i livet. I perioden 1964 til 1967 oppheldt ho seg i USA der ho reiste rundt, og dessutan arbeidet som skribent ved Arbeiderbladets kontor i New York.

Vel heime i Noreg igjen jobba Gidske Anderson som utanriksredaktør i Arbeiderbladet fram til 1972, før ho i igjen reiste til Paris, denne gongen som fast korrespondent for NRK fram til 1975. Ho vart i fleire år medlem av Den Norske Nobelkomite. Då Egil Aarvik, som var leiaren i komiteen, døydde forholdsvis ung, rykte ho opp som leiar, og hadde dette vervet då Mikhail Gorbatsjov fekk Nobels fredspris.

Engasjementet for Nobelkomiteen og karrieren som journalist kom i tillegg til eit rikt og mangslunge forfattarskap. Gidske Anderson har skrive ei rekkje bøker. I tillegg til tre diktsamlingar, skreiv ho engasjert om samfunnsforhold, storpolitikk og litteratur, forutan biografiar om Sigrid Undset og Trygve Bratteli. Ho døydde i Oslo i 1993, 71 år gammal.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Mørk fest (dikt) Aschehoug (1963)
  • Mennesker i Paris Aschehoug (1964)
  • En reise i Amerika (1968)
  • Vårt eget Europa (1971) (Småskrifter om Det europeiske fellesskapet)
  • De ytre banker (dikt) Aschehoug (1971)
  • Veier og vandringer Aschehoug (1972)
  • Når diktning blir forbrytelse: Lyrikerens skjebne Sovjet Aschehoug (1976)
  • Fjære (dikt) Aschehoug (1977)
  • Hva nå, NRK? – Et essay om NRK og monopolet og avgrensinger Fabritius (1978)
  • Fra stalinisme til sosialdemokrati? Politiske strømninger i Sør-Europa Fabritius (1979)
  • Krigene etter krigen Gyldendal (1980)
  • Halvard Lange – Portrett av en nordmann Gyldendal (1981)
  • Det hendte meg Gyldendal (1983)
  • Trygve Bratteli Gyldendal (1984)
  • Bedre kan jeg ikke reise. Krøniken om Sidsele Gyldendal (1987) Roman
  • Sigrid Undset – Et liv Gyldendal (1989)

Artiklar[endre | endre wikiteksten]

  • De Gaulle og Algerie (1960: 4) – i Ekkoet i tida: Aktuelle storpolitiske emnar/Chr. Michelsens Institutt
  • Det frie Algerie (1962/63: 6) – i Ekkoet i tida: Aktuelle storpolitiske emnar/Chr. Michelsens Institutt
  • De Gaulle iblant oss (1963: 2) – i Samtiden

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • For bibliografisk oversyn er BIBSYS brukt.