Giuseppe Tartini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Giuseppe Tartini

Fødd8. april 1692
FødestadPirano i Istria i Italia
Død26. februar 1770 (77 år)
DødsstadPadova i Italia
OpphavRepublikken Venezia
PeriodeBarokken, wienerklassisismen
SjangerKammermusikk, concerto
InstrumentFiolin
Verka somKomponist

Giuseppe Alessandro Ferruccio Tartini (8. april 169226. februar 1770) var ein italiensk komponist og fiolinist.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Foreldra var Gianantonio Tartini frå Firenze og Caterina Zangrando, ein etterkomar etter ein av dei eldste aristokratiske familiane i Piran.[1]

Tartini kom frå byen Piran som ligg på halvøya Istria, den gongen ein del av Den venetianske republikken, i dag ein del av Slovenia. Det ser ut til at foreldra førebudde sonen til å gå inn i fransiskanarordenen, noko som innebar ei grunnleggjande musikkutdanning. Han studerte rettsvitskap ved universitetet i Padova og skal her ha vorte ein svært god fektar. Etter at faren døydde gifta han seg i 1710 med Elisabetta Premazone. Ho kom frå dei lågare sosiale lag, og var uheldigvis for Tartini yndlingen til den mektige biskopen Giorgio Cornaro. Biskopen skulda Tartini for barnerov, og for å unngå fengsel avbraut han studia og tok tilflukt i klostret i Assisi. Her byrja han for alvor å spele fiolin, og fekk høgst truleg komposisjonsundervisning av tsjekkaren Bohuslav Matěj Černohorský.

Tartini vart raskt kjent for sin virtuose og uttrykksfulle stil. Ein anekdote fortel at ein gong han høyrde Francesco Maria Veracini spele, vart han så imponert at han for ei tid trekte seg tilbake til Ancona for å betre fiolinspelet, og spesielt bogeføringa.

Frå 1714 var han orkestermusikar i Assisi og Ancona. I 1721 vart han tilsett som Maestro di Cappella ved Basilica di San Antonio i Padova, ei stilling han heldt til han døydde i 1770. Kontrakten gav han stor kunstnerisk fridom, og han hadde løyve til å opptre der han ville. Likevel reiste han lite. Den einaste kjende reisa han gjorde utanfor Italia, var eit opphald i Praha mellom 1723 og 1726, der han blant andre vart kjent med Johann Joachim Quantz, og spelte som konsertmeister ved oppføringa av operaen til Johann Joseph Fux Costanza e Fortezza under kroninga til keisar Karl VI til konge av Böhmen.

Virke[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke over Tartini i heimbyen Piran.

Mot slutten av 1720-talet etablerte Tartini musikkskulen La scuola delle nazioni. Han var ein glimrande pedagog og skulen trekte til seg studentar frå heile verda, i hovudsak frå Tyskland og Frankrike, men òg frå England og Skandinavia, og til og med frå Indonesia. Spesielt viktig vart dei franske elevane som seinare la grunnlaget for den såkalla franske skulen på 1800-talet. Blant studentane kan nemnast Gaetano Pugnani, Johann Gottlieb Graun, Joseph Touchemoulin, og dessutan Pietro Nardini som var yndlingseleven til Tartini.

Tartini skreiv fleire musikkteoretiske verk, blant anna eit om forsiringskunst som Leopold Mozart brukte som utgangspunkt for sin Violinschule. Dei påfølgjande teoretiske verka Tartini publiserte var basert på feilaktige utrekningar, delvis på eigne røynsler, og vart heftig kritisert av dei samtidige konkurrentane hans. Desse kontroversane var ein hard belastning for han mot slutten av livet.

Tartini skreiv mest for fiolin. Bortsedd frå eit og anna stykke for kor, to cellokonsertar, ein gambekonsert og eit par fløytekonsertar, skreiv han rundt 135 fiolinkonsertar, 200 fiolinsonatar og ein ein del triosonatar for to fiolinar. Til saman 67 sonatar og 24 fiolinkonsertar vart utgjeve i levetida hans, og det finst nokre få moderne utgåver frå 1900-talet. Han komponerte òg kyrkjemusikk, som [[Miserere]], komponert mellom 1739 og 1741 på oppdrag frå pave Klemens XII, og hymnar som «Stabat Mater», komponert i 1769.

Den velkjende julesangen «Nå er det jul igjen», som ein kjenner i songleiker tilbake til 1700-talet. Han finst att i nesten identisk form i Tartinis Konsert for fiolin og orkester i G-dur som vart oppført første gongen i 1724 i Praha.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tartini på Portorož og Pirans offisielle websider
  2. Rolf Thiel: «Uttrykte», spalte i Verdens gang

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]