Gjest Baardsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gjest Bårdsen)
Gjest Baardsen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 1791
Sogndalsfjøra
Død

13. mai 1849 (58 år)
Bergen

Yrke sjølvbiograf, skribent, låtskrivar, tyv

Gjest Bårdsen (ca. 13. mars 179113. mai 1849) er kjend som meistertjuv og utbrytarkonge. Han verka òg som forfattar, og skreiv mellom anna si eiga livssoge. Bårdsen sat mykje i fengsel, men klarte særs ofte å røma. Han vert ofte samanlikna med Robin Hood. Det vart sagt om han at han tok omsyn til fattige og svake, og rekna som eit slag ikkje-valdeleg gentlemanstjuv.

Liv og bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gjest Baardsen-huset i Sogndal.

Gjest Bårdsen var fødd i Sogndalsfjøra i Sogndal i Sogn og døypt den 13. mars 1791. Fødestaden hans er restaurert som Gjest Bårdsen-huset.

Gjest var i alle fall på farssida rotekte sogndøl. Far hans, Bård Gjestson, var fødd i 1754 i Svedalen lengst framme i Sogndalsdalen. Farsforeldra til Gjest Bårdsen var Gjest Larsson Resaland og Ølgård Baarddtr. Skjeldestad. Desse vart gifte i 1754. Ølgård døydde i 1776, 55 år gamal. Gjest Larsson flytte etter dette ned til Sogndalsfjøra, der han gifte seg på ny med Anna Rognaldsdtr. Hove same året. Dei fekk to born, Rognald (f.1769 og Marta (f. 1778) Vi merkar oss no at familienamnet no er Fjæren. Neste hending er no at Bård Gjestson Fjæren (faren til vår Gjest Bårdsen) i 1784, 20. mai, vart trulova og seinare gift (10.juli 1784) med Maritha Pedersdtr.Fjæren. Så kom borna til verda. Eldstemann Peder vart døypt 14. aug. 1884, dottera Ølgård 26. des. 1788 og Gjest vart døypt 13. mars 1791. Far til Gjest Bårdsen drukna ute på Sogndalsfjorden i ein kastevind i 1794. Han dreiv som fjordfiskar og med noko fraktefart.

Mor til Gjest Bårdsen, Meritha eller Marta som ein ville seia i dag, bar namnet Fjæren og var soleis heimehøyrande der då ho gifte seg. Ho verka som ei slags jordmor eller «nærkone» i barnefødslar i Sogndal. Ho kan ha kome til Sogndal frå Nessane i Kvamsøy sokn. I alle fall hadde ho ein bror på ein husmannsplass i Nessahagen under garden Indre Nesse som seinare tok søstera til Gjest til seg då ulukke og fattigdom hadde råka familien i Sogndalsfjøra. Etter at borna var borte gifte mor til Gjest seg att med ein gamal enkjemann, Ola Olsen Hildeskor (f. 1742). Han døydde i 1824. Mor til Gjest døydde i 1836, 73 år gamal.

Då gjest Bårdsen vart døypt 13.mars 1791 skal han ha hatt fadrane Ole Erichsen Ruthlin, Peder Torstens Fjæren, Mathias Giertsen Fjæren , Madame Lem, og Lussi Bakken.

Alt i 13-årsalderen var Gjest komen i lære hjå ein meisterbøkkar, Jacob Heitmann i Bergen. Her vart han verande i om lag eit år før han rømde til sjøs. Truleg var det i samband med røminga at han gjorde sitt første tjuveri som kom for retten i 1806. I alle høve var det gangklede som han sjølv trong.

Det er ikkje visst kva tid Gjest tok fatt på livet som lovlaus, men han vart teken, og skal ha brote seg ut or fengselet heile 57 gonger. I 1827 vart han i Bergen dømd til livsvarig straffearbeid, kakstryking og strengt vakthald. Den 29. okt. 1827 vart han levert på Aggershuus Fæstning. Herifra rømde han ikkje. Han vart gjeven nåde i 1845 og vart sett på frifot 3. okt., etter 18 år på festninga. Den 7. mai 1848 gjekk Gjest inn i ektestanden, 57 år gamal. Brura var 29 år gamle Jomfru Anne Elisabet Rencke frå Bergen. Det skjedde i stavkyrkja på Stedje i Sogndal i Sogn.

Om den siste tida til Gjest Bårdsen skriv romanforfattar Holger Sinding: "I en ti års tid siden denne Dag (dvs. frigjevinga 3.okt.1845) kunde man i Bergens Gader ofte se en hvidhaaret Mand vandre sin stille, ensomme Gang, og hans Blik var klart og tænksomt. Han drev en liten Boghandel denne Mand, og Folk talte gjerne med ham og blev gjerne siddende en Stund i hans Butik og lytte til ham. Denne Mand var - Gjest Baardsen. Og da hans livslys en Dag sluknede, fulgtes han til Jorden af en Skare agtværdige Borgere, af mænd som for tredive Aar tilbage vilde ha givet ligesaameget tilbake for et Besøg av ham som for et Besøg av den, med hvem han jo ganske sikkert skulde staa i Pagt. Saa vandt dog tilsidst det gode i ham en herleg seier." Gjest døydde i Bergen som ein halden mann.

Framtoning[endre | endre wikiteksten]

Gjest var kjend for å vera kvik i hovudet. Personlege kjenneteikn: 62 tommar høg, mørkebrunt hår, blå augo, huda var mørk og lekamsbygningen var «maadelig». Gjest gjekk for å vera ein stor jentefut og sjarmør, friluftsmenneske m.m.

Han forfatta mellom anna den fyrste norske sjølvbiografien, ei ordbok på taterspråket og tallause viser og dikt. Det vart òg laga fleire forteljingar og songar om Gjest.

Seinare referansar[endre | endre wikiteksten]

I 1939 vart filmen Gjest Baardsen laga med Alfred Maurstad i hovudrolla.

I byrjinga av 1990 var det ei økonomisk nedgangstid i Noreg. Regjeringa vedtok ei ny "gjeldssaneringslov" som umiddelbart vart omtalt som "Gjest Baardsen-lova".

Klippa Gjest Baardsenstøtta ved Bouvetøya eller kalla opp etter Gjest Baardsen.

Nokre verk[endre | endre wikiteksten]

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • 1835 – Gjest Baardsen Sogndalsfjærens levnetsløb. I-III (Chra: Eige forlag)  [Forfattet af ham selv]
  • 1845 – Fængsel og frihed i tvende qvad (Chra: Eige forlag)
  • 1846 – En ung fanges livsbegivenheder : satte i vers (Kongsberg: Eige forlag)
  • 1846 – Brændeviins-ondet : en folkevise med fortale (Drammen: Eige forlag)
  • 1848 – Acrostichon eller Gjest Baardsen Sogndalsfjærns levnet : af ham selv besunget i sex og tyve vers, hvis forbogstaver udgjøre hans fulde navn (Bergen: Eige forlag)
  • 1849 – Ole Høilands død : en ny vise (Bergen: Eige forlag)
  • utan år – Hun sveg mig dog! : ny vise ( Eige forlag)
  • 1869 – Gjest Baardsen Sogndalsfjærns levnetsløb efter løsladelsen fra Akershus fæstning til hans død (Chra: Eige forlag)
  • 1942 – Gjest Bårdsen : soga som han sjølv skreiv (Oslo: Fonna) I fulltekst ved nb.no  [Omsett til nynorsk ved Eirik Moen]
  • 1948 – Vandrings- eller skøiersprog (Oslo: Noregs Boklag) I fulltekst ved nb.no
  • 1966 – Acrostichon (Trondheim: Nordenfjeldske) I fulltekst ved nb.no
  • 1966 – Mitt liv : forfattet av meg selv på Akershus festning 1827-1835. 1 (Trondheim: Nordenfjeldske) I fulltekst ved nb.no  [Gjenfortalt av Kjell Erik Skaaren]
  • 1966 – Mitt liv : forfattet av meg selv på Akershus festning 1827-1835. 2 (Trondheim: Nordenfjeldske) I fulltekst ved nb.no  [Gjenfortalt av Kjell Erik Skaaren]
  • 1966 – Mitt liv : forfattet av meg selv på Akershus festning 1827-1835. 3 (Trondheim: Nordenfjeldske) I fulltekst ved nb.no  [Gjenfortalt av Kjell Erik Skaaren]
  • 1991 – Mitt liv : forfattet av meg selv på Akershus festning 1827-1835 (Trondheim: Nordenfjeldske). ISBN 82-7005-026-1 I fulltekst ved nb.no  [Gjenfortalt av Kjell Erik Skaaren. 3 bind i eit]

I tidsskrift - eit utval[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Tekstar om Gjest Baardsen[endre | endre wikiteksten]

  • 1891 – Gjest Baardsen : en forbryders livsroman : fortælling fra aarhundredets begyndelse : efter forhørsakter, optegnelser og meddelelser : med talrige billeder, gjengivelse af breve med Gjest Baardsens haandskrift, hans hemmelige sifferskrift osv. 1 (Kristiania: Folkeskriftsselskabet)  [Av Halle Sira (psevd.)]
  • 1891 – Gjest Baardsen : en forbryders livsroman : fortælling fra aarhundredets begyndelse : efter forhørsakter, optegnelser og meddelelser : med talrige billeder, gjengivelse af breve med Gjest Baardsens haandskrift, hans hemmelige sifferskrift osv. 2 (Kristiania: Folkeskriftsselskabet)  [Av Halle Sira (psevd.)]
  • 19?? – Det hemmelighetsfulle lysthus : roman om Gjest Bårdsen (Bergen: Grieg)  [Av Harald Meltzer]
  • 1942 – Gjest Bårdsen og Ole Høiland : en skildring av deres eventyrlige liv og virke (Bergen: Hans Martinussens forl.) I fulltekst ved nb.no
  • 1956 – Gjest Baardsen : skodespel i fem akter (Bøstad: Marius Evjebergs forlag) I fulltekst ved nb.no  [Av Jon Geirsnes (psevd. for Jens Nederhagen)]
  • 1991 – Gjest Baardsen : ein teikneserie på grunnlag av munnleg tradisjon (Oslo: Norsk folkeminnelag). ISBN 82-03-16893-0 I fulltekst ved nb.no  [Av Jostein Inge Mykletun og Håkon Aasnes]
  • 1991 – Gjest Bårdsen døyr åleine ved Nilens breidd : eit draumspel (Bergen: Eide). ISBN 82-514-0384-7  [Av Ragnar Hovland]
  • 1992 – Gjest Baardsens siste flukt (Oslo: Solum). ISBN 82-560-0804-0 I fulltekst ved nb.no  [Av Rolf Losnegård]
  • 1998 – Morderens forventninger : kriminalitetshistoriske essay (Oslo: Universitetsforlaget). ISBN 82-00-22842-8  [Av Erling Sandmo. Av innhaldet: "Den er ikke laget av lensmand og prest" - om Gjest Baardsens selvbiografi og det moderne fengsels historie]
  • 2000 – Jakten på Gjest Baardsen : en biografi (Oslo: Forum Aschehoug). ISBN 82-03-29079-5 I fulltekst ved nb.no  [Av Erling Gjelsvik]
  • 2005 – Fattigfolk : i Bergens stift 1755-2005 (Førde: Selja). ISBN 82-91722-54-4  [Red.: Yngve Nedrebø. Av innhaldet: Fanten over alle fantar : Gjest Bårdsen Sogndalsfjæren]
  • 2013 – Skumle skurker og mystiske mordere : norske forbrytere i gamle dager (Oslo: Kagge). ISBN 978-82-489-1358-0  [Av Cecilie Winger. Av innhaldet: Gentlemanstyven Gjest Baardsen - Norges Robin Hood?]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]