Gløshaug kyrkje
Gløshaug kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: kirkenorge.no | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Namdal | ||
Sokn | Harran | ||
Fellesråd | Grong | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | Bjørn Larsen | ||
Teknikk | tømring | ||
Material | tre | ||
Innvigd | 1689 | ||
Sitjeplassar | 100 | ||
Gløshaug kyrkje 64°32′05″N 12°24′06″E / 64.5348°N 12.4018°E | |||
Wikimedia Commons: Gløshaug kirke |
Gløshaug kyrkje ligg på Gartland i Grong kommune i Trøndelag. Kyrkja inngår i Namdal prosti og vart bygd som ei langkyrkje i 1689.
Historie
[endre | endre wikiteksten]På plassen der kyrkja ligg, har det før vore ei stavkyrkje, sannsynleg bygd omkring 1300. 21. februar 1689 sende prost Peder Resen søknad om å få rive den «gamle brøstfeldige» stavkyrkja for å få byggje ei ny kyrkje. Det fekk han lov til, og same år starta arbeidet med ny kyrkje på Fiskum. Rekneskapen for det nye kyrkjebygget viser at kostnadene kom på 36 1/2 riksdalar og seks skilling. Då den nye kyrkja på Fiskum var teken i bruk, vart det vurdert å rive Gløshaugkyrkja for å gjere pengar på materialane.
Til alt hell kjøpte den engelske sportsfiskaren Mr. Thomas Merthyr Guest kyrkja. Guest hadde forpakta laksevald på Gartland og Rosset i 30 år og på same tid kjøpt to gardar på Gartland, deriblant garden som kyrkja står på. Etter at han døydde overtok lady Theodora Guest som eigar, og i 1908 overdrog ho kyrkja til Helmer P. Gartland, som no var eigar av garden som kyrkja står på. I 1910 skøytte Gartland kyrkja over til Harran soknekommune på visse vilkår.
Altarskapet i den gamle kyrkja vart sendt over til England, men i dag er delar av dette ført attende.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Alf Henry Rasmussen, red. (1993). «Gløshaug kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 214. ISBN 82-75-27022-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Kyrkjesøk
- Eldre fotografi av Gløshaug kyrkje, fotograf: Anders Beer Wilse
- Gløshaug kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren