Grensekonvensjonen av 1826
Grensekonvensjonen av 1826 mellom Noreg og Russland vart underteikna 14. mai 1826 og regulerte for andre gong grensa mellom dei to landa. Avtalen av 1826 var altså ikkje den første av dette slaget. Nøyaktig 500 år tidlegare vart den såkalla Novgorod-traktaten av 1326 inngått mellom den russiske og norske kongen og dette var ein grense- og fredstraktat som trekte grensa ved Lyngstuva ytst på Lyngenhalvøya.[treng kjelde]
Dei skoltesamiske sidaene Petsjenga, Pasvik og Neiden vart frå byrjinga av 1600-talet til først på 1600-talet rekna som eit felles norsk-russisk skattland, det såkalla fellesdistriktet. Fram til 1813 skatta skoltane både til Russland og til Danmark-Noreg, men dei stod under russisk verdsleg og kyrkjeleg jurisdiksjon. I perioden mellom 1814 og 1826 kravde heller ikkje Sverige-Noreg skatt av skoltane.
Det var eit dansk-norsk krav fram til slutten av 1700-talet om ei grense som la heile fellesdistriktet under Noreg. Kvart år frå 1602 til eit stykke ut på 1800-talet drog futen i Finnmark frå Vardøhus til Malmis (Kola by) for å leggja fram det territorielle kravet til den dansk-norske kongen overfor russarane. Russland meinte å ha sterkare krav til fellesdistriktet, fordi dei russiske samane (skoltane) var russiske borgarar og dei var i tillegg underlagde russisk jurisdiksjon. I tillegg hadde skoltane også tidlegare motteke privilegium av den russiske tsaren og ikkje minst hadde den viktigaste handelsvegen til skoltane alltid gått austover.
Då futen i Finnmark lét vere å gjera skattekrava sine gjeldande i 1816, 1819 og 1822, tok dei russiske styresmakter det for gjeve at nordmennene hadde gjeve avkall på fellesdistrikta. Konfliktane i 1820-åra førte til at grensedistrikta vart vedtekne delte. Etter oppdrag frå xregjeringane i kvart land laga to offiserar – oberst Spørck på norsk side og oberstløytnant Valerian Galjamin på russisk – sommaren 1825 eit utkast til grensekart. Kartet var eit kompromiss mellom norske og russiske krav og danna utgangspunktet for grensekonvensjonen mellom Noreg og Russland. Konvensjonen vart underteikna i St. Petersburg den 14 mai 1826 (2. mai etter russisk tidsrekning) av kongen av Sverige og Noreg Karl XIV Johan og den russiske tsaren Nikolai I.
Sommaren 1826 vart det gjennomført grenseoppgang og grensemerking mellom Sverige-Noreg og Russland. Grensegata over land vart hogge 6 alen eller 5 arsjinar brei (ca. 4 meter). Djupålsprinsippet vart lagt til grunn for grensetrekkinga både i Pasvikelva og Grense Jakobselv.
I 1920 vart Petsamo-området på russisk side overdrege til Finland på grunnlag av eit løfte tsar Alexander II hadde gjeve til finnane på 1800-talet. Det sjølvstendige Finland fekk eit område med ei grense parallelt med norskegrensa drege tvers over Fiskarhalvøya og ned til austsida av Ivalo. Noreg hadde etter dette ikkje lenger grense mot Russland (Sovjetunionen). I våpentilstandsavtalen av 19. september 1944 etter den finske framhaldskrigen måtte Finland gje attende Petsamo-området til Sovjetunionen, og den gamle grensa frå 1826 danna på ny grensa mellom Noreg og Russland.
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Grensekonvensjonen av 1826» frå Wikipedia på bokmål, den 20. august 2024.