Hopp til innhald

Grini fangeleir

Koordinatar: 59°57′12″N 10°34′57″E / 59.95333°N 10.58250°E / 59.95333; 10.58250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Grinileiren)

59°57′12″N 10°34′57″E / 59.95333°N 10.58250°E / 59.95333; 10.58250

Grini fangeleir

Oppstilte fangar ved Grini fangeleir fotografert mellom 1941 og 1943.
Kart
Grini fangeleir
59°57′12″N 10°34′57″E / 59.953433333333°N 10.582547222222°E / 59.953433333333; 10.582547222222
Den siste appellen på Grini fangeleir på frigjeringsdagen 8. mai 1945.
Foto: Ukjend / Oslo Museum

Grini var opphavleg eit kvinnefengsel i Bærum kommune som vart teke i bruk som ein krigsfangeleir av okkupasjonsmakta i Noreg under andre verdskrigen.

Dette vart den største fangeleiren i Noreg. Allereie den 24. april 1940 vart Grini teken i bruk som fangeleir for ca. 700 fangar. I første krigsåret var føremålet med leiren kortvarige interneringar. Frå 1941 vart leiren hovudsakleg bruka for oppbevaring av politiske fangar henta inn frå heile landet. Frå same året av og fram til fredsslutninga vart totalt 19 788 fangar registrerte i leiren, av desse vart 3 402 deporterte til fengsel og konsentrasjonsleirar i Tyskland og dei tyskokkuperte områda. På det meste var det sett inn 5 400 fangar på Grini.

Det kom inn fangar frå mange lag av folket til Grini, her er døme på ein Nobelprisvinner, professorar, vitskapsfolk, kulturarbeidarar, idrettsfolk, politikarar, kunstnarar og losar som var involverte i å hjelpe flyktningar til Sverige og Storbritannia. Nokre av dei mest kjende fangane er:

Det er kjent at 8 fangar vart avretta på Grini i 1944, av dei 3 kvinner.

Bruk etter andre verdskrigen

[endre | endre wikiteksten]

Frå 1945 til 1949 vart fengselet bruka til soning for landssvikdømde, sjå det norske landssvikoppgjeret.

Fengselet har frå år 2000 det offisielle namnet «Ila fengsel, forvarings- og sikringsanstalt».

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Grini fangeleir