Growin' Up

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Growin' Up
Song av Bruce Springsteen
frå albumet Greetings from Asbury Park, N.J.
Utgjeve 5. januar 1973
Innspelt Juli-august, 1972
914 Sound Studios i Blauvelt i New York
Sjanger Rock
Lengd 3:05
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) Bruce Springsteen
Produsent Mike Appel, Jim Cretecos

«Growin' Up» er ein song av Bruce Springsteen frå albumet Greetings from Asbury Park, N.J. i 1973.

Songen går i moderat tempo og omhandlar oppveksten som ein opprørsk tenåring i New Jersey med teksten[1] skriven i førsteperson. Teksten i refrenget vert endra litt for kvar gong, der han første gongen syng «I hid in the clouded wrath of the crowd but when they said 'Sit down,' I stood up,» andre gongen «clouded warmth...'come down,' I threw up» og tredje og siste gongen «mother breast...'pull down,' I pulled up.»

Songen vart ein konsertfavoritt for publikummet til Springsteen og Springsteen fortalte ofte ei lang historie om problema sine med faren føre songen. Ein versjon av denne historia kan ein høyre på konsertalbumet Live/1975-85. Songen er vorten spelt på konsertar om lag 270 gonger.

Ein akustisk versjon av songen, som ein del av prøvespelinga til Springsteen for CBS Records i 1972, finst på Tracks og 18 Tracks.

Songen vert nytta i filmane Big Daddy i 1999 og Gracie i 2007.

David Bowie spelte inn ein versjon av songen under dei første innspelingane for Diamond Dogs med Ronnie Wood på sologitar. I 1990 vart dette opptaket gjeven ut på Rykodisc-utgåva av Pin Ups og i 2004 på bonusplata som følgde 30th anniversary edition av Diamond Dogs. Songen er òg spelt inn av Any Trouble, John Hammond, Jr., Portastic og Alvin Stardust. Pearl Jam har òg spelt songen på konsertar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Growin' Up: brucespringsteen.net: Bruce Springsteen