Diamond Dogs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Diamond Dogs
Studioalbum av David Bowie
Utgjeve 24. mai 1974
Innspelt Olympic og Island Studios, London
Ludolf Studios, Hilversum i Nederland
Januar – februar 1974
Sjanger Rock, glamrock
Lengd 38:25
Selskap RCA Records
Produsent David Bowie
David Bowie-kronologi
Pin Ups
(1973)
Diamond Dogs David Live
(1974)
Singlar frå Diamond Dogs
  1. «Rebel Rebel»
    Utgjeve: 15. februar 1974
  2. «Diamond Dogs»
    Utgjeve: 14. juni 1974
  3. «1984»
    Utgjeve: Juli 1974

Diamond Dogs er eit konseptalbum og det åttande studioalbumet til den britiske musikkartisten David Bowie, gjeven ut på RCA Records i 1974. Tematisk var albumet ei blanding av romanen 1984 av George Orwell og Bowie si eiga soge om ei postapokolyptisk verd. Bowie planla og byrja på ein musikal basert på boka til Orwell, og byrja å skrive songar for prosjektet etter han hadde spelt inn albumet Pin Ups i 1973, men han fekk ikkje rettane til å utføre prosjektet. [1] Songane enda i staden opp på albumet Diamond Dogs året etter.

Produksjon og stil[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om albumet vart spelt inn og gjeve ut etter at Bowie «pensjonerte» Ziggy Stardust i midten av 1973, og hadde ein ny frontfigur i Halloween Jack, så var Ziggy framleis til stades, noko ein kan sjå frå mellom anna frisyren til Bowie på omslaget. I tillegg vidareførte singelen «Rebel Rebel» glamrockstilen frå dei førre albuma.[1] Enkelte songar på albumet var òg inspirert av The Rolling Stones, særleg tittelsporet.[2] På andre songar hadde derimot Bowie flytta seg vidare frå den tidlegare glamrock-stilen sin, som på det episke musikkstykket «Sweet Thing»/«Candidate»/«Sweet Thing (Reprise)», medan «Rock 'n' Roll with Me» og den Shaft-inspirerte wah-wah gitaren på «1984» gav ein forsmak på Bowie sin neste plastikksoul-periode. «Sweet Thing» var det første forsøket til Bowie på William S. Burroughs sin oppkuttingsmetode for å skrive tekstar, ein metode Bowie skulle gjere dei neste 25 åra.[3]

Diamond Dogs vart det første Bowie-albumet sidan 1969 der ingen av medlemmane frå Spiders from Mars spelte, sjølv om mange av arrangementa alt var utarbeidd på turne med Mick Ronson før studioinnspelingane, mellom anna «1984» og «Rebel Rebel». I staden spelte Herbie Flowers bass, medan Aynsley Dunbar og Tony Newman spelte trommer. Noko som overraska mange var at Bowie sjølv tok på seg rolla som sologitarist, noko Mick Ronson hadde gjort tidlegare. Musikkjournalistar har skildra gitarstilen hans på plata som ujamn, rusten og nesten amatøraktig, noko som gav plata det karakteristiske lydbilete.[4] Diamond Dogs var og første plata sidan 1970 der Tony Visconti medverka. Han hjelpte til med arrangementet av strykarane og med miksinga av albumet. Resten av tiåret var Tony Visconti med som produsent på platene til Bowie.[1]

Plateomslaget[endre | endre wikiteksten]

Plateomslaget viser ein figur som er halvt hund og halvt Bowie, måla av den belgiske kunstnaren Guy Peellaert. Bilete var kontroversielt sidan det viste kjønnsorganet til hunden. Eit par eksemplar av plata kom ut i butikkane med dette omslaget, før kjønnsorganet vart fjerna på alle andre utgåver. Dei usensurerte utgåvene vart raskt eit samleobjekt, og allereie i 1974 gjekk desse for rundt 1000 dollar. Det opphavlege plateomslaget (og eit anna avvist omslag med Bowie i ein sombrero cordobés som held fast i ein grådig hund, teken av Terry O'Neill[5]) var med i CD-utgåvene på Rykodisc/EMI.

Utgjeving og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Platemeldingar
Meldingar
Kjelde Karakter
AllMusic 2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[6]
Robert Christgau C+[7]
MusicHound 4/5[8]
Pitchfork Media 9.0/10[9]
Rolling Stone (negativ)[10]
The Rolling Stone Album Guide 2.5/5 starsStar full.svgStar half.svgStar empty.svgStar empty.svg[11]
Select 5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[12]
Bowie spelar under Diamond Dogs-turneen i 1974.

Plata var Bowie sin glam-svanesong, og i følgje forfattaren David Buckley var det typisk for Bowie, at han hoppa av glamrock-bølgja like før ho glei over til å bli sjølvparodisk. [1] Då albumet kom ut skildra Bowie Diamond Dogs som «eit særs politisk album. Min protest ... meir meg enn noko anna eg har gjort tidlegare.»[13]. Magasinet Disc samanlikna albumet med The Man Who Sold the World (1970), medan Rock og Sounds begge skildra det som «hans mest imponerande album sidan Ziggy Stardust».[13] Albumet nådde førsteplassen på albumlista i Storbritannia og femteplassen i USA, men har vorte kritisert for å vere for røff i kantane med for pretensiøst tema.

Bowie sin råe gitarstil og syn om urbant kaos, søppelgravande barn og nihilistiske kjærastar («We'll buy some drugs and watch old bands / And jump in the river holding hands») har derimot vorte anerkjend for å kome pønkrocken i forkjøpet.[14]

Bowie sjølv har skildra Diamond Dogs, introdusert i tittelsporet, som «mange små Johnny Rotten-ar og Sid Vicious-ar. Og i mine tankar så var det ikkje nokre transportmidlar, så dei rullar rundt på desse rulleskøytene med store hjul, og dei knirka fordi dei ikkje var smurt ordentleg. Så det var desse gjengane på knirkande rulleskøyter, vondskapsfulle bøller med Bowie-knivar og pels. Og dei var alle tynne fordi dei ikkje hadde fått nok mat, og dei hadde alle rar hårfarge. På ein måte var det føregjengaren til punkrørsla».[15]

Bowie spelte dei fleste songane, bortsett frå «We Are the Dead» på Diamond Dogs-turneen i USA i 1974 (som er å høyre på David Live). «Rebel Rebel» har blitt spelt på nesten alle konsertane til Bowie etter albumet kom ut, og «Diamond Dogs» vart spelt på Station to Station-turnéen i 1976 Outside-turneen i 1995-1996 og Reality-turneen i 2003-2005. «Big Brother/Chant of the Ever Circling Skeletal Family» vart spelt på Glass Spider-turneen i 1987.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av David Bowie, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Future Legend»   1:05
2. «Diamond Dogs»   5:56
3. «Sweet Thing»   3:39
4. «Candidate»   2:40
5. «Sweet Thing (reprise)»   2:31
6. «Rebel Rebel»   4:30
Side to
# Tittel Lengd
7. «Rock 'n' Roll with Me» (tekst: Bowie, musikk: Bowie, Warren Peace) 4:00
8. «We Are the Dead»   4:58
9. «1984»   3:27
10. «Big Brother»   3:21
11. «Chant of the Ever Circling Skeletal Family»   2:00

CD-utgåver[endre | endre wikiteksten]

Diamond Dogs vart først gjeven ut på CD av RCA i 1985 med sensurert plateomslag. Den tyske masteren (for den europeiske marknaden) og den japanske masteren (for den amerikanske marknaden) kom frå forskjellige lydband og var derfor ikkje heilt identiske.

Rykodisc/EMI-utgåva i 1990[endre | endre wikiteksten]

Dr. Toby Mountain ved Northeastern Digital i Southborough i Massachusetts,[16] remastra Diamond Dogs frå dei originale masterlydbanda for Rykodisc i 1990 med to bonusspor og det originale, usensurerte plateomslaget. «Future Legend» stoppar ved 1:01 og «Diamond Dogs» er 6:04 lang i denne versjonen.

Bonusspor (1990 Rykodisc/EMI)
# Tittel Lengd
12. «Dodo» (innspelt 1973, ikkje tidlegare utgjeven) 2:53
13. «Candidate» (demo) 5:09

EMI/Virgin-utgåva i 1999[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart remastra av Peter Mew ved Abbey Road Studios utan bonusmateriale og med same innhaldet som CD-utgåva frå 1985.

EMI/Virgin-utgåve i 2004[endre | endre wikiteksten]

Den tredje i rekkja av 30th Anniversary 2CD Editions vart gjeve ut med den remastra versjonen av av albumet på den første plata og åtte bonusspor på den andre plata. To av desse bonusspora var òg bonussåpr på 1990-utgåva

  1. «1984/Dodo» (spelt inn 1973) – 5:29
  2. «Rebel Rebel» (amerikansk singelutgåve frå 1974) – 3:00
  3. «Dodo» (spelt inn 1973) – 2:53
  4. «Growin' Up» (Bruce Springsteen) (Spelt inn 1973) – 2:25
  5. «Candidate» (Demoutgåve, spelt inn 1973) – 5:09
  6. «Diamond Dogs» (K-Tel Best of Bowie edit, 1980) – 4:41
  7. «Candidate» (Intimacy mix) – 2:58
  8. «Rebel Rebel» (2003 mix) – 3:09

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Lister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Lister (1974) Plassering
Australian Kent Music Report Albums Chart[17] 3
Canadian RPM Albums Chart[18] 1
Frankrike[19] 4
Italia[20] 15
Noreg[21] 8
Spania[22] 11
Sverige - Kvällstoppen[23] 3
UK Albums Chart[24] 1
US Billboard 200[25] 5
Vest-Tyskland[26] 40

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1974) Plassering
Australia[17] 20
Canada[27] 15
Frankrike[28] 11
Italia[20] 52
UK Albums Chart[29] 6

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé
Storbritannia (BPI)[30] Gull
USA (RIAA)[31] Gull

Songar[endre | endre wikiteksten]

Future Legend[endre | endre wikiteksten]

«Future Legend» er ein eit minutt lang introduksjon til Diamond Dogs og er eit scenearrangement for den vage soga på albumet. Songen består med eit hundehyl, flysirener, synthlydar og gitar, og forteljarstemma til Bowie.

Stykket vart spelt inn kring midten av januar 1974.

Diamond Dogs[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå songen Diamond Dogs.

Sweet Thing[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Sweet Thing.

Candidate[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Candidate.

Rebel Rebel[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Rebel Rebel.

Rock and Roll with Me[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Rock 'n' Roll with Me.

We Are the Dead[endre | endre wikiteksten]

Av songane Bowie skreiv for 1984-musikalen verkar «We Are the Dead» å vere den songen som er mest omskriven etter at musikalen vart skrinlagd. Mykje av den endelege teksten er ei rekkje tekstlinjer danna ved hjelp av oppkuttingsteknikken til William Burroughs. Denne teknikken, som Bowie brukte på andre songar på Diamond Dogs bestod i å skrive ein tekst på eit papir, kutte opp linjene i striper og trekkje dei fram att i tilfeldig rekkjfølgje og så lime dei saman att til ein ny tekst. Målet var å skape bisarre sidestillingar som medvitet ikkje kunne ha kome på av seg sjølv. Så Bowie fekk tekstlinjer som you’re dancing where the dogs decay/defecating ecstasy eller I love you in your fuck-me pumps/and your nimble dress that trails eller the legendary curtains/are drawn round Baby Bankrupt.[32]

«We Are the Dead» minnar om somme Bowie-songar frå 60-talet, som «Cygnet Committee» i at han unngå vers-refreng-vers-strukturen og heller baserer seg på lange vers, som to gonger i songen endar i eit kort fire taktar langt refreng.[32]

Songen vart spelt inn 16. januar 1974 og aldri framført på konsertane til Bowie.

1984[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå 1984 av David Bowie.

Big Brother[endre | endre wikiteksten]

«Big Brother» er ein av songane Bowie skreiv for den skrinlagte musikalen 1984. Songen er bygd opp som eit flytskjema, utforma for å flytte lyttaren frå tvil til lyst (det første mellomspelet «please saviour, saviour show us») til i refrenget, ei ekstatisk underkasting for makta.[33]

Songen glir rett over i «Chant of the Ever Circling Skeletal Family».

«Big Brother» vart spelt inn 14.-15. januar 1974 og ofte spelt under turneen hans i 1974 og igjen under Glass Spider-turneen i 1987.

Chant of the Ever Circling Skeletal Family[endre | endre wikiteksten]

«Chant of the Ever Circling Skeletal Family» er ein liten, brutal song som endar albumet. Han glir rett over frå «Big Brother». På LP-versjonen enda songen i ei delvis «låst rille», som skapte ei sløyfe som vart spelt om att og om att. Sløyfa bestod av første stavinga av «brother» om att og om att.

Songen vart spelt inn kring januar-februar 1974. Han vart framført på Diamond Dogs-turneen sommaren 1974, og på Glass Spider-turneen, begge som ein del av «Big Brother».

Andre songar frå denne tida[endre | endre wikiteksten]

The Astronettes-songane[endre | endre wikiteksten]

Før Bowie spelte inn det meste av Diamond Dogs i løpet av tre dagar i januar 1974, prøvde han å få i gang ein soul-vokaltrio kalla the Astronettes, som bestod av den nye kjærasten til Bowie, Ava Cherry, den langvarige venen Geoff MacCormack (òg kalla «Warren Peace») og Jason Guess. Bowie gav opp prosjektet så snart Diamond Dogs tok form, men han heldt the Astronettes som korsongarar.[34]

Somme av songane som vart spelte inn var skisser for somme av dei seinare songane til Bowie. «I am Divine» var eit første utkast til «Somebody Up There Likes Me» på Young Americans. Bowie likte tittelen på «People from Bad Homes» og nytta denne og litt av teksten i songen «Fashion». «Things to Do» er ein song i Santana-stil, medan «I Am a Laser» var ein song Bowie skreiv om fem år seinare som «Scream Like a Baby».[34]

Alle songane vart spelte inn i London frå 3. desember 1973 til 15. januar 1974, og kom ut på det halvoffisielle albumet People From Bad Homes i 1995.

Dodo[endre | endre wikiteksten]

«Dodo» vart først spelt inn i lag med «1984» som «1984/Dodo» for den planlagte musikalen om 1984. Den opphavlege tittelen på songen var «You Didn't Hear It From Me».[35] Songen vart sidan spelt inn i ein demoversjon og ein ny studioversjon, men kom ikkje med på det endelege albumet. Bowie skrinla songen etter å ha prøvd han ut som ein mogeleg singel for Lulu. Songen vart førsst gjeven ut på Rykodisc-utgåva av Diamond Dogs i 1990.

I den opphavlege medleyen starta «Dodo» etter det første mellomspelet i «1984».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.210-217
  2. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.63
  3. Kamp, Thomas (1985). David Bowie: The Wild-Eyed Boy 1964–1984 (1st ed.). O'Sullivan, Woodside & Co.. 
  4. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.14
  5. Terry O'Neill (1985). Legends. Viking Adult. ISBN 978-0-670-80933-2
  6. AllMusic. Henta 8. februar 2016.
  7. Robert Christgau. Henta 8. februar 2016.
  8. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 151. ISBN 1-57859-061-2. 
  9. Walters, Barry (January 22, 2015). «David Bowie: Diamond Dogs». Pitchfork Media. http://pitchfork.com/reviews/albums/21477-diamond-dogs/. 
  10. Emerson, Ken (1 August 1974). «Rolling Stone Reviews: Diamond Dogs». Rolling StoneMal:Inconsistent citations 
  11. «David Bowie: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen den 30 May 2011. https://web.archive.org/web/20110530073307/http://www.rollingstone.com/music/artists/david-bowie/albumguide. Henta 8. februar 2016. 
  12. Griffiths, Nick (November 1990), Diamond Jubilation 
  13. 13,0 13,1 Nicholas Pegg (2000). Op Cit: s.289-291
  14. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Ibid: p.64
  15. Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: p.63
  16. «Northeastern Digital home page». Arkivert frå originalen den 8 December 2007. https://web.archive.org/web/20071208131731/http://www.northeasterndigital.com/audio/bios.htm. Henta 8. februar 2016. 
  17. 17,0 17,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  18. «Top Albums/CDs - Volume 21, No. 24» (PHP). RPM. 3 August 1974. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.5078a&type=1&interval=50&PHPSESSID=c6btf3r8hs459qqt5ln3o3dcv5. Henta 31 January 2014. 
  19. «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (PHP). infodisc.fr. http://infodisc.fr/Album_B.php. Henta 31 January 2014.  Note: user must select 'David BOWIE' from drop-down.
  20. 20,0 20,1 «Hit Parade Italia – Gli album più venduti del 1974» (på Italian). hitparadeitalia.it. http://www.hitparadeitalia.it/hp_yenda/lpe1974.htm. Henta 31 January 2014. 
  21. «norwegiancharts.com David Bowie – Diamond Dogs» (ASP). http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=David+Bowie&titel=Diamond+Dogs&cat=a. Henta 31 January 2014. 
  22. Salaverri, Fernando (September 2005). Sólo éxitos: año a año, 1959–2002 (1st ed.). Spain: Fundación Autor-SGAE. ISBN 84-8048-639-2. 
  23. «Swedish Charts 1972–1975/Kvällstoppen – Listresultaten vecka för vecka > Juni 1974 > 11 Juni» (på Swedish). hitsallertijden.nl. http://www.hitsallertijden.nl/charts/swedish%20charts/SwedishCharts%200872-0875.pdf. Henta 31 January 2014. Note: Kvällstoppen combined sales for albums and singles in the one chart; Diamond Dogs peaked at the number-four on the list in the 1st week of June 1974.
  24. «David Bowie > Artists > Official Charts». UK Albums Chart. http://www.officialcharts.com/artist/_/David%20Bowie/. Henta 31 January 2014. 
  25. «allmusic ((( Diamond Dogs > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r2486/charts-awards. Henta 31 August 2011. 
  26. «Album Search: David Bowie – Diamond Dogs» (på German) (ASP). Media Control. http://www.officialcharts.de/album.asp?artist=David+Bowie&title=Diamond+Dogs&cat=a&country=de. Henta 10 October 2013. 
  27. «RPM Top 100 Albums of 1974». RPM. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.3891&type=1&interval=24&PHPSESSID=mhe12pta2k83e08udtq66ot062. Henta 2 February 2014. 
  28. «Les Albums (CD) de 1974 par InfoDisc» (på French) (PHP). infodisc.fr. http://www.infodisc.fr/B-CD_1974.php. Henta 31 January 2013. 
  29. «The Official UK Charts Company : ALBUM CHART HISTORY». Arkivert frå originalen den 13 August 2010. https://web.archive.org/web/20071217020447/www.theofficialcharts.com/album_chart_history_1974.php. Henta 17 December 2007. 
  30. «British album salstrofé – David Bowie – Diamond Dogs». British Phonographic Industry. http://www.bpi.co.uk/certified-awards.aspx. Henta 31 January 2014.  Enter Diamond Dogs in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  31. «American album salstrofé – David Bowie – Diamond Dogs». Recording Industry Association of America. http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?artist=%22Diamond+Dogs%22. Henta 31 January 2014.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH
  32. 32,0 32,1 Chris O’Leary. We are the Dead. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 10. februar 2016.
  33. Chris O’Leary. Big Brother. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 10. februar 2016.
  34. 34,0 34,1 Chris O’Leary. The Astronettes Songs. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 10. februar 2016.
  35. Chris O’Leary. 1984/Dodo. Pushing Ahead of the Dame. Vitja 10. februar 2016.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]