Grønland kyrkje
Utsjånad
Grønland kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Oslo | ||
Prosti | Søndre Aker | ||
Sokn | Gamlebyen og Grønland | ||
Fellesråd | Oslo | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Wilhelm von Hanno | ||
Teknikk | Mur | ||
Material | Tegl | ||
Innvigd | 3. mars 1869 | ||
• Endringar | 1939, rest. 1988 | ||
Klokker | 3 | ||
Kyrkjegard | Nei | ||
Preikestol | Eik | ||
Altartavle | Kors | ||
Orgel | Digitalt (samt defekt Walcker-orgel) | ||
Sitjeplassar | 800 | ||
Grønland kyrkje 59°54′40″N 10°46′04″E / 59.91107°N 10.767664°E | |||
Wikimedia Commons: Grønland kirke |
Grønland kyrkje er ei langkyrkje frå 1869. Kyrkja ligg i Grønlandsleiret 34 i bydelen Gamle Oslo i Oslo kommune. Kyrkja er oppført i teglstein, og stilen er nyromansk. Med 800 sitjeplassar er kyrkja den største i Oslo. Arkitekt for kyrkja var Wilhelm von Hanno.
Kyrkjelyden vart etablert i 1861 og har eige kyrkjelydshus på andre sida av gata, i Grønlandsleiret 41. Prestekontora ligg i Grønlandsleiret 31.
Frå 1. januar 2013 vart Grønland og Gamlebyen sokn slått saman, med Grønland kyrkje som soknekyrkje.[1] Samstundes gjekk Gamlebyen kyrkje ut av bruk som soknekyrkje.
Det er ikkje gravplass ved kyrkja.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Gamlebyen og Grønland kyrkjelyd, arkivert frå originalen 4. november 2013, henta 2. november 2013
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Kirkebøe, M.C. (2007). Knut Arve Tvedt og Øyvind Reisegg, red. Oslos kirker i gammel og ny tid (2 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 35-36. ISBN 978-82-573-1946-5.
- Tvedt, Knut Are, red. (2010). Oslo byleksikon (5 utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. s. 220-221. ISBN 978-82-573-1760-7.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Gamlebyen og Grønland kyrkjelyd Arkivert 2013-10-19 ved Wayback Machine.
- Kyrkjesøk – Grønland kirke Arkivert 2013-11-04 ved Wayback Machine.
- Lokalhistoriewiki om kyrkja
- Grønland kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren