Guanoskarv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guanoskarv
Guanoskarv Foto: Wikipedia-brukar: Quartl
Guanoskarv
Foto: Wikipedia-brukar: Quartl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Skarvefamilien Phalacrocoracidae
Slekt: Leucocarbo
Art: Guanoskarv L. bougainvillii
Vitskapleg namn
Leucocarbo bougainvillii

Guanoskarv, Phalacrocorax bougainvillii er medlem av skarvfamilien og lever på vestkysten av Sør-Amerika, og då mest ved øyar utanfor Peru og Nord-Chile. Det fanst tidlegare ein stamme utanfor Patagonia som i dag ser ut til å vere utrydda. Når hekkinga er avslutta kan den spreie seg ned til Sør-Chile og nord til kysten av Ecuador. Den har og vore observert så langt nord som ved Panama og Colombia, venteleg etter migrasjon på grunn av matmangel i El Niño-år. Hovudhabitatet er grunne havområde og bergklipper på øyar og land ved kysten.

Denne skarvarten er 69–73 cm og har et godt kjenneteikn: kontrasten mellom glinsande svart overside og kvitt brystparti. Han har òg ein kvit flekk under haka. Nebbet er langt og tynt med svak gul farge. Vaksne guanoskarvar kan forvekslast med unge individ av den mindre flodskarv Phalacrocorax brasilianus,[1] og med den mykje større magellanskarv, Phalacrocorax magellanicus.

Guanoskarven hekkar året rundt, men med ein topp i november og desember. Han byggjer reiret av guano på eit plant underlag på øyar eller fjerne kystplassar. Reira vert bygd i så stor tettleik som 3 reir pr kvadratmeter. Guanoskarven legg egg som har ein storleik på ca 63x40mm, 2 eller 3 i kvart kull.

Føda åt guanoskarven er i hovudsak peruansjos, Engraulis ringens og peruansk «silverside», Odontesthes regia som lever i den kalde Perustraumen. Guanoskarven er hovudprodusenten av guano.

I 1984 var storleiken på førekomsten estimert til 3 millionar fuglar. Han er no (i 2005) minka med 30 %. Årsakene til tilbakegangen er habitattap og overfiske. Fuglearten står på den internasjonale raudlista i kategorien nær trua.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ridgeley og Greenfield, 2001