Guinnevere

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guinnevere
Song av Crosby, Stills & Nash
frå albumet Crosby, Stills & Nash
Språk engelsk
Utgjeve 1969
Innspelt 1969
Sjanger Folk
Lengd 4:39
Selskap Atlantic
Komponist David Crosby
Tekstforfattar David Crosby
Låtskrivar(ar) David Crosby
Produsent Bill Halverson
David Crosby
Graham Nash
Stephen Stills

«Guinnevere» er ein visesong skriven av David Crosby i 1969. Songen vart spelt inn av Crosby, Stills & Nash og gjeven ut på Crosby, Stills & Nash. Songen er kjend for den uforstyrra, men likevel kvasse melodien og den unike teksten som samanliknar dronning Guinevere med kvinna songaren likar. I følgje eit intervju Crosby gjorde med Rolling Stone: «Det er ein veldig uvanleg song, det vert nytta ei uvanleg stemming med rare taktartar. Det er om tre kvinner eg elska. Den eine var Christine Hinton, jenta som vart drepen som var kjærasten min, og den andre var Joni Mitchell og den siste var ei eg ikkje kan sei kven er. Det er kanskje den beste songen min». Songen handlar òg om kor viktig det er med fridom.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Miles Davis spelte songen i 1970. Songen kom ut på Circle in the Round i 1979. Han finst òg på The Complete Bitches Brew Sessions.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]