CSN av Crosby, Stills & Nash

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
CSN
Studioalbum av Crosby, Stills & Nash
Utgjeve 17. juni 1977
Innspelt 1976–1977
Sjanger Rock
Lengd 43:50
Selskap Atlantic
Produsent David Crosby, Stephen Stills og Graham Nash med Ron og Howard Albert
Crosby, Stills & Nash-kronologi
So Far
(1974)
CSN Replay
(1980)


Singlar frå CSN
  1. «Just a Song Before I Go»
    Utgjeve: 17. juni 1977
  2. «Fair Game»
    Utgjeve: 1977
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar empty.svg[1]
Rolling Stone[2]
Robert Christgau(D+)[3]

CSN er det tredje studioalbumet til Crosby, Stills & Nash, gjeve ut på Atlantic Records i 1977. Det var det første sidan debutalbumet deira utan Neil Young. Albumet nådde andreplassen på Billboard Top Pop Albums-lista. To av singlane frå albumet, Nash sin «Just a Song Before I Go» og Stills sin «Fair Game» nådde høvesvis sjuande og 43. plassen på Billboard Hot 100. Albumet har seld til firedobbelt platinaplate i USA.[4]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

I tida mellom turneen deira våren og sommaren 1970 for å marknadsføre Déjà Vu og dette albumet, hadde Crosby, Stills og Nash berre fullført eit prosjekt i lag, ein turné i lag med Neil Young i 1974. David Crosby og Graham Nash hadde spelt inn tre album som duo, og Crosby hadde gjeve ut eit soloalbum (i tillegg til eit album med The Byrds) og Nash hadde gjeve ut to album. Stephen Stills hadde gjeve ut fire soloalbum og drive sitt eige band, Manassas, som gav ut to album. I tillegg hadde han turnert og gjeve ut eit album med Neil Young, som i seg sjølv nesten vart eit CSNY-prosjekt.

CSN bestod av originale songar av alle tre medlemmane og det var siste gongen på 17 år at bandet skreiv songar og song all vokal sjølv, utanom større hjelp frå utsida.

Mange av songane til Stills omhandla ekteskapsproblema hans[5] og «Dark Star» nytta latinamerikanske rytmar han hadde brukt heilt attande til Buffalo Springfield-tida. Crosby fortsette med songar om eksistensielle tema, slik han ofte hadde gjort før, og Nash kom med både den radiovenlege, akustiske balladen «Just a Song Before I Go» og eit utførleg stykke som prøvde å gjenskape ei LSD-oppleving han hadde hatt i Winchesterkatedralen med «Cathedral». [6]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Shadow Captain»  Crosby, Stills & Nash 4:32
2. «See the Changes»  Stephen StillsStills med Crosby & Nash 2:56
3. «Carried Away»  Graham NashNash med Crosby 2:29
4. «Fair Game»  Stephen StillsStills med Crosby & Nash 3:30
5. «Anything at All»  David CrosbyCrosby 3:01
6. «Cathedral»  Graham NashNash med Crosby 5:15

Side to[endre | endre wikiteksten]

# TittelLåtskrivar(ar)Solovokal Lengd
1. «Dark Star»  Stephen StillsStills 4:43
2. «Just a Song Before I Go»  Graham NashNash 2:12
3. «Run from Tears»  Stephen StillsStills 4:09
4. «Cold Rain»  Graham NashNash 2:32
5. «In My Dreams»  David CrosbyCrosby 5:10
6. «I Give You Give Blind»  Stephen StillsStills med Crosby & Nash 3:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • Joe Vitaletrommer på «Carried Away,» «Fair Game,» «Cathedral,» «Dark Star,» «Run From Tears» og «I Give You Give Blind»; orgel på «Shadow Captain,» «Fair Game,» «Anything at All,» «Dark Star»; elektrisk piano på «Carried Away,» «Just A Song Before I Go»; perkusjon på «Cathedral,» «I Give You Give Blind»; fløyte på «Shadow Captain»; pauke på «Cathedral»; vibrafon på «In My Dreams»
  • Craig Doerge – piano på «Shadow Captain» og «Anything at All»; elektrisk piano på «Shadow Captain» og «Dark Star»
  • Mike Finniganorgel på «Run From Tears»
  • George «Chocolate» Perrybass på «Shadow Captain,» «Fair Game,» «Anything at All», «Cathedral,» «Dark Star,» og «I Give You Give Blind»
  • Jimmy Haslip – bass på «Carried Away»
  • Tim Drummond – bass på «Just A Song Before I Go»
  • Gerald Johnson – bass på «Run From Tears»
  • Russ Kunkel – trommer på «Shadow Captain» «Anything at All,» «Just A Song Before I Go,» og «In My Dreams»; congatrommer på «Shadow Captain» «Dark Star»; perkusjon på «Just A Song Before I Go»
  • Ray Barretto – congatrommer på «Fair Game»
  • Mike Lewis – strykearrangement på «Cathedral,» «Cold Rain,» og «I Give You Give Blind»
  • Joel Bernstein – strykearrangement på «Cathedral»

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Newsom, Jim (2011). «CSN – Crosby, Stills & Nash | AllMusic». allmusic.com. Henta 19. juli 2011. 
  2. Herbst, Peter (2011). «Crosby, Stills and Nash: CSN : Music Reviews : Rolling Stone». web.archive.org. Arkivert frå originalen 14. februar 2009. Henta 19. juli 2011. 
  3. Robert Christgau review
  4. RIAA Gold and Platinum Database henta 13. januar 2019
  5. https://www.crosbystillsnash.com/discography/1977/csn/
  6. https://www.crosbystillsnash.com/discography/1977/csn/