Gulkroneamazon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gulkroneamazon
Gulkroneamazon
Gulkroneamazon
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Gulkroneamazon
Utbreiinga av Gulkroneamazon
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Papegøyefamilien Psittacidae
Underfamilie: Arinae
Slekt: Amazonpapegøyar Amazona
Art: Gulkroneamazon A. ochrocephala
Vitskapleg namn
Amazona ochrocephala

Gulkroneamazon (Amazona ochrocephala) er ein stor, grøn neotropisk papegøye med naturleg utbreiingsområde over lågtliggande, nordlege Sør-Amerika og Panama. Arten kan treffast så langt sør som i sentrale Bolivia. Arten er kjenneteikna av ein gul panneflekk som kan ha ein varierande storleik i utbreiingsområdet, i nordlegaste Brasil dekker han store delar av hovudet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne papegøyen har ei total lengd på 33–38 cm og veg rundt 500 gram. Som dei fleste andre amazonpapegøyer har han ein kort rektangulærforma hale og hovudsakleg grøn fjørdrakt. Halen er gulaktig mot enden, og fjørene mot foten er gulaktige. Han har mørkeblå tuppar på vengfjørene og raude vengspegelflekkene, framkant av «vengknoken», og dei ytste halefjører er raude ved rota. Dei raude og mørkeblå delane er ofte vanskelege å sjå når fuglen sit, medan den raude botnen av dei ytre halefjørene berre sjeldan kan sjåast under normale visningsforhold i naturen.[1] Mengda gult på hovudet varierer med underart og geografi, underarten i nordlege Brasil og i Amazonasdeltaet har mesteparten av hovudet gult.[2]

Auga er oransjefarga med ein kvit augering av berr hud, nebbet er bleikgrått, spissen på overnebbet er mørk. Bortsett frå vengspegelflekken har juvenile fuglar lite gult og raudt i fjørdrakta.[2]

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Gulkroneamazon finst i Amazonasbassenget og Guyanastatane, i tillegg kjem populasjonar over det meste av Venezuela, nordvestlege Colombia og Panama, moglegvis òg med naturleg utbreiing i Trinidad. Det er ein papegøye tilpassa tropisk skog, mangrovar og savannar og kan også finnast på dyrka mark og forstadsområde. I den sørlege delen av utbreiinga er han sjeldan funne langt frå Amazonas-regnskog. Dette er hovudsakleg ein låglandsfugl, men har lokalt vorte registrert opp til 500 moh. i Colombia og Venezuela.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Denne papegøyearten lever normalt i par eller små flokkar opp til 30, men større grupper kan samlast ved leirslikkar. Rørslene til gulkroneamazonar i Venezuela, utanfor hekketida, er skildra; Dei lever parvis eller parvis innanfor små flokkar, men samlar seg i større grupper på felles nattlege kvilestader. Morgon og kveld pendlar dei mellom kvilestad og område der dei finn føda, ofte over distansar på mange kilometer. Dei flyg nokså høgt, parvis eller i flokkar i jamn, rett linje med grunne, stive vengjeslag og ropar ofte og skaper støy. Lætet i flukta er eit høgt, kvesande 'curr-ouw' eller 'bow-wow', som dei tar opp at igjen og igjen. Dei syng frå ei grein ved soloppgang eller i skumringa, songen er ein lang serie av gurglelydar, babling og trillar blanda med musikalske og skarpe tonar. Elles gjer dei sjeldan læte unntatt når dei flyg.[1]

Føda deira inkluderer eit breitt utval av frukt, frø, nokre knoppar og blomstrar. Når dei søkjer føde og et er dei stille, rører seg sakte i tretoppane, og kan klatre ved hjelp av nebbet.[1]

Status[endre | endre wikiteksten]

Gulkroneamazon har ein minkande populasjon og er truga av fangst for burfuglhandel. Verdas naturvernunion har kategorisert arten som livskraftig.[2]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Hilty, Steven L. (29. november 2002). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. s. 346. ISBN 0713664185. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Collar, N., P. F. D. Boesman, og G. M. Kirwan (2020). Yellow-crowned Parrot (Amazona ochrocephala), version 1.0. I Birds of the World (J. del Hoyo, A. Elliott, J. Sargatal, D. A. Christie, og E. de Juana, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.ywcpar.01

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Gulkroneamazon