Tukanar
| Tukanar | |
Tocotukan, Ramphastos toco | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Infraklasse: | Neognathae |
| Overorden: | Coraciimorphae |
| Orden: | Spettefuglar Piciformes |
| Familie: | Tukanar Ramphastidae Vigors, 1825 |
Tukanar, Ramphastidae, er ein familie av spettefuglar som lever i den neotropiske regionen og er nærmast relatert til skjeggfuglar. Dei er kjenneteikna av ein fargerik fjørdrakt og svært stort og fargekraftig nebb. Familien består av fem slekter med til saman 37 artar.[1]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]

Tukanar varierer i storleik frå skifttukan (Pteroglossus inscriptus) med berre ca. 130 g og 33-35.5 cm i lengd til tocotukan (Ramphastos toco), opptil 800 gram og 61 cm. Halen er avrunda og varierer i lengde frå ei halv til ei heil kroppslengd. Halsen er kort og tjukk. Vengene er små, slik som det er vanleg for skogsfuglar som flyg korte avstandar. Vengespennet kan vere omtrent som lengda frå nebbspissen til halespissen.
Beina til tukanar er sterke og ganske korte. Tærne er ordna i par med første og fjerde tå retta bakover. Dei fleste artane viser ikkje kjønnsdimorfisme i farger, slekta Selenidera er det mest iaugefallande unntak frå denne regelen. Men for alle artar er nebbet til hoer av tukanar er vanlegvis kortare, djupare og nokre gongar rettare, noko som gjer eit meir firkanta inntrykk i forhold til nebbet åt hannar. Fjørdrakta er i regelen svart, med element av kvitt, gult, og skarlakt. I slekta Pteroglossus (mindre tukanar) har underkroppen gul farge med band av raudt og svart og i Aulacorhynchu har artane mest grøn fjørdrakt med blå flekkar.
Det fargerike, gigantiske nebbet, som hos somme store artar måler meir enn halve kroppslengda, er kjennemerket på tukanar. Trass storleiken er det veldig lett, det består av ein open beinstruktur med lite masse og store holrom. Nebbkanten har framvendte «sagtenner» hos nokre artar. Dietten er først og fremst frukt. Det er framleis diskusjonar om kvifor desse fuglane har så store nebb, med så kraftfulle farger. Ettersom dei ikkje har kjønnsdimorfisme i farger er det lite sannsynleg at det er eit kjønnssignal. Eit langt nebb er til hjelp ved at rekkjevidda til å plukke frukt frå ein plass er auka. Ein teori har vore at nebbet kan nyttast til å skremme bort andre fuglar som ønskjer å konkurrere om føda. Dessutan kan eit langt nebb nå djupt ned i hòl i trestammar for å kome til føde der, for eksempel ved å plyndre reira til mindre fugleartar.
Tukanar har lang tunge, opp til 14-15 cm, ho er smal, grå, og særs frynsa på kvar side, noko som aukar sensitiviteten i smakssansen til fuglen.
Ein sær strukturelt konstruksjon er truleg unik for tukanar, ein modifikasjon av fleire halevirvlar. Dei tre bakre virvlane er vakse saman og festa ryggraden med eit spesielt kuleledd. Derfor er tukanar i stand til å vende stjerten framover til han rører hovudet. Dette er vanleg soveposisjon kor han berre syner ein rund fjørball med spissen av halen som stikker ut over hovudet.
Levesett
[endre | endre wikiteksten]
Tukanar er først og fremst fruktetarar, men er òg opportunistisk altetande og tar byttedyr som insekt og små øgler. I fangenskap har dei vore observert og rapportert til aktivt å jakte på insekt, tukanar kan leve på insektdiett. Dei kan òg plyndre reir av mindre fuglar og et både egg og ungar. Dette kan truleg gje eit viktig tilskot av protein til kosten. I habitatet er dei dominerande fruktetarar og speler ei svært viktig rolle i økologien ved å spreie frø av frukttre.
Desse fuglane er knytt til skogen og legg 2 til 4 kvite egg i reir i eksisterande trehòl, anten naturlege eller graven ut av andre fugleartar som spettar. Når egga klekker er ungane framleis dunlause.
Tukanar er standfuglar og lever vanlegvis i par eller i små flokkar. Det hender at dei kjempar mot kvarandre ved å fekte med nebba.

Oversyn over slekter
[endre | endre wikiteksten]AviList v2025 listar 5 slekter med tilsaman 37 medlemmar innanfor tukanfamilien.[1] Dei fem slektene er:
- Ramphastos er ei biologisk slekt med sju store artar i tukanfamilien. Dette er dei store, klassiske artane av tukanar, opptil ca. 60 cm i kroppslengd. Dei er iaugefallande fargerike tropiske fuglar med leveområde 0-2000 meter over havnivå frå sørlege Mexico gjennom Mellom-Amerika og over store delar av Sør-Amerika sør til nordlegaste Argentina.
- Pteroglossus (engelsk aracari) er ei slekt med tolv små til mellomstore tukanar. Dette er fuglar med slank kropp og lang hale, uvanleg fargerik fjørdrakt varierande med art, og med enorme nebb som har kontrastrike mønstre. Alle lever frå sørlege Mexico til Paraguay.
- Aulacorhynchus er ei slekt med åtte relativt små tukanar. Dette er fuglar med grøn fjørdrakt og store nebb som lever frå sørlege Mexico til Bolivia rundt 2000 moh. og ein art over 3000 moh.
- Andigena er ei slekt med fire mellomstore tukanar. Kvar art har relativt avgrensa utbreiingsområde ca. 1600 til 3300 moh. innanfor Andes i Sør-Amerika.
- Selenidera er ei slekt med seks artar av små tukanar. Artane finst i låglandsregnskog under 1000 meters høgd i tropisk Sør-Amerika, med éin art òg i Sentral-Amerika.
Raudlistestatus
[endre | endre wikiteksten]Verdas naturvernunion (IUCN) listar 50 artar tukanfamilien, av dei har 46 artar ein estimert minkande populasjon, men 43 er klassifiserte som livskraftige, og berre 7 er raudlista som nær truga.[2] Av dei 37 tukanartane etter taksonomien til AviList v2025, er 5 klassifiserte som nær truga og dei andre livskraftige.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Toucan frå Engelsk Wikipedia den 26. august 2008 der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Reynolds, J. (2002) Book Review: Handbook of the Birds of the World, Vol. 7. Jacamars to Woodpeckers Edited by Josep del Hoyo, Andrew Elliott and Jordi Sargatal. Lynx Edicions, Barcelona, 2002. ISBN 84-87334-37-7. 613 pages. Biological Conservation 111 (2): 280-281 [1]
- Remsen, J.V. Remsen, Jr.; Hyde M.A. & A. Chapman. (1993) The Diets of Neotropical Trogons, Motmots, Barbets and Toucans The Condor 95 (1): 178-192
- Robinson, S.K. (1985) Coloniality in the Yellow-Rumped Cacique as a Defense against Nest Predators Auk 10 (3): 506-519
- Pizo, M.A.; Donatti, C.I.; Guedes, N.M.R. & M. Galetti (2008) Conservation puzzle: Endangered hyacinth macaw depends on its nest predator for reproduction Biological Conservation 141 (3): 792-796
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 AviList Core Team. 2025. «AviList: The Global Avian Checklist, v2025.». AviList: The Global Avian Checklist © 2025 by AviList Core Team is licensed under CC BY 4.0. doi:10.2173/avilist.v2025.
- ↑ «Ramphastidae i IUCN Red List 2025-2». The IUCN Red List of Threatened Species. Henta 20. desember 2025.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) Tukanar hos Artsdatabanken
- (en) Tukanar i Catalogue of Life
- (en) Tukanar i Encyclopedia of Life
- (en) Tukanar i Global Biodiversity Information Facility
- (en) Tukanar hos Fossilworks
- (en) Tukanar hos ITIS
- (en) Tukanar hos NCBI
- (en) Kategori:Ramphastidae – bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- (en) Ramphastidae – galleri av bilete, video eller lyd på Wikimedia Commons
- Ramphastidae – detaljert informasjon på Wikispecies