Gulnebblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gulnebblom

Status i verda: NT Nær truga
Status i Noreg: NT Nær truga

Vaksen fugl i hekkedrakt Illustrasjon av Keulemans, 1894
Vaksen fugl i hekkedrakt
Illustrasjon av Keulemans, 1894

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Gaviiformes
Familie: Gaviidae
Slekt: Gavia
Art: G. adamsii
Namn på andre språk
Vitskapleg namn
Gavia adamsii

Gulnebblom (Gavia adamsii) er den største medlemmen av lomfamilien. I hekkedrakta har gulnebblommar svart hovud og hals, kvit underside og svart overside med kvite flekker. Vinterdrakta manglar kontrastar, oversida er mørk utan flekker, framsida av halsen er lys med jamn overgang til mørkt gråbrunt mot nakke og oversida av hovudet. Eit viktig kjenneteikn som skil gulnebblom frå islom er det strågule nebbet som synast svakt oppeikande fordi oversida av nebbet er rett, men undersida oppkurva.

Arten hekkar i Arktis frå nordlege Sibir og austover til Nord-Amerika, så langt aust som austlege fastland i Nunavut, Canada.[1] Han overvintrar hovudsakleg på sjøen langs kystar av det nordlege Stillehavet og i små mengder langs norskekysten, hovudsakleg frå jærkysten til Troms.[2] Gulnebblommen ein spesialisert fiskeetar, og fangar byttet under vatn. Songen er ein serie klagande tonar, liknande islom, men han har òg varsellæte.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gulnebblom i sommardrakt
Foto: Bering Land Bridge National Preserve

Med ei lengd på 76 til 91 cm, eit vengespenn på 137 til 152 cm og ei kroppsvekt som varierer mellom 4 og 6,4 kg, er gulnebblommen den største medlemmen av lomfamilien. Vaksne er først og fremst svarte og kvite i hekkedrakta, med ein lilla til blåleg glans på halsen.[1]

Gulnebblom er ein arktisk art, han hekkar hovudsakleg i eit belte ved kysten av Nordishavet så langt nord som 78 ° N og overvintrar innanfor skjerma farvatn på den nordlege stillehavkysten og langs nord og vestkysten av Noreg.[3] Arten er hekkefugl i Russland, Canada og USA.[4] Sjølv om han overvintrar først og fremst nord for 50 ° N, kan einskilde fuglar utvide vinterområdet sør til 35 ° N ved kysten av Japan,[3] og langs Nord-Amerika sør forbi øya Vancouver til kysten av nordvestlege Washington. Men streiffuglar kan oppdagast spreitt utanfor kjerneområdet, inkludert sør til Mexico og Spania.[4]

Som andre lommar, dannar dei langvarige par. Sjølv om dei føretrekker ferskvassbasseng eller innsjøar på tundraen, vil gulnebblommen òg hekke langs elver, ved elvemunningar eller mot havet i lågtliggande område av Arktis; generelt unngår dei skogkledde område. Hekkinga startar i byrjinga av juni, avhengig av snø og issmelting. Som alle andre medlemmer av familien, byggjer gulnebblommen eit reir av plantematerialar svært nær kanten av vatnet. Hoa legg vanlegvis to egg i kullet. Paring føregår på land, utan noko bestemt spel. Paret forsvarar det store territoriet sitt intensivt mot inntrengjarar.[3]

Gulnebblommen er ein spesialisert fiskeetar, men tar òg krepsdyr, blautdyr og leddormar. Han dukkar og tar byttet under vatn.

Status og trugsmål[endre | endre wikiteksten]

Frå 2010 endra IUCN statusen for gulnebblommen frå livskraftig (LC) til nær truga (NT), ettersom arten synest å vere i ein populasjonsnedgang.[4] Den globale bestanden er estimert til 11000 - 21000 individ og er minkande.[5] Vinterpopulasjonen langs norskekysten er rekna å vere meir enn 1500 individ.[6]

Gulnebblom er ein av artane som er omfatta av Avtalen om vern av migrerande sjøfuglar i Afrika og Eurasia;[7] i Amerika kjem han inn under ein liknande traktat for vern av trekkfuglar.[8]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 Carboneras, C., Christie, D.A. & Garcia, E.F.J. (2016) Yellow-billed Loon (Gavia adamsii) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. april 2016
  2. Jørgensen, Finn (2006). Norsk vinterfuglatlas: fuglenes utbredelse, bestandsstørrelse og økologi vinterstid. Trondheim: Norsk ornitologisk forening. ISBN 978-82-7852-073-4. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Carboneras, C. & Bonan, A. (2016). Loons/Divers (Gaviidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 9. april 2016
  4. 4,0 4,1 4,2 BirdLife International (2016) Gavia adamsii. IUCN Red List of Threatened Species. Version 2015.4. International Union for Conservation of Nature. Henta den 9. april 2016
  5. BirdLife International (2016) Species factsheet: Gavia adamsii. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. april 2016
  6. Strann, Karl-Birger. 2008. Wintering large divers (G. adamsii and G. immer) along the Norwegian coast. In: A. Håland (ed.), The Loon & Diver Workshop 2007 2008: 1: 47. Vardø, Norway.
  7. «Waterbird species to which the Agreement applies». Agreement on the Conservation of African-Eurasian Migratory Waterbirds. p. 22. http://www.ewca.gov.et/sites/default/files/Agremment%20on%20the%20conservation%20of_0.pdf. Henta 9. april 2016. 
  8. «Birds Protected by the Migratory Bird Treaty Act». US Fish and Wildlife Service. http://www.fws.gov/birds/management/managed-species/migratory-bird-treaty-act-protected-species.php. Henta 9. april 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gulnebblom
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Gavia adamsii
Gulnebblom
Namn på andre språk
Nordsamisk Vilgesnjunáhpedoavtta
Svensk Vitnäbbad islom
Dansk Hvidnæbbet lom
Engelsk Yellow-billed Loon, White-billed Diver
Tysk Gelbschnabeltaucher, Gelbschnabel-Eistaucher
Fransk Plongeon à bec blanc, Plongeon à bec jaune, Huart à bec blanc, Huart à bec jaune
Spansk Colimbo de Adams
Russisk Belokljuvaja gagara (Белоклювая гагара)