Islom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Islom
Islom Foto: Wikimedia-brukar P199
Islom
Foto: Wikimedia-brukar P199
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av islom
Utbreiinga av islom
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Lommar Gaviiformes
Familie: Gaviidae
Slekt: Gavia
Art: Islom G. immer
Vitskapleg namn
Gavia immer
Islomegg
Film

Islom eller imbre (Gavia immer) er ein stor medlem av lomfamilien. Dette er ein art med utbreiing i kaldt temperert klima og dels inn i Arktis. Hekkeområdet er først og fremst nordlege Nord-Amerika, Grønland og Island. I hekkedrakta er islommar svarte med kvitt bryst og underside, og kvite flekker på oversida, og liknar soleis gulnebblom. Vinterdrakta er meir gråleg. Han skiljast enklast frå gulnebblom med det svara nebbet sitt i hekkedrakt som vert meir gråkvit i vinterdrakta. Nett som gulnebblom er islom ein trekkfugl som beitar langs norskekysten vinterstid. Islommar har store, kraftfulle symjeføter som gjer dei i stand til å symje og dukke effektivt, men dei er òg gode flygarar som gjer lange trekk.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Vaksne varierer frå 69 til 91 cm i kroppslengd med vengespenn på 127 til 147 cm, litt mindre enn gulnebblom. Vekta ligg oftast mellom 2,7 og 4,5 kg.[1] Hekkedrakta er i svart og kvitt, svart hovud, kvit underside, og eit rutemønstra svartkvit overside. Halsen er svart med eit felt av korte vertikale kvite striper nedst og ein liten flekk med striper i strupen. Halsen har glans i lilla, grønt eller blått. Drakta utanom hekkesesongen er mørk, brunleg, med strupe og framsida av halsen i kvitt. Nebbet er svart og haldast horisontalt. Farga på nebbet og vinkelen skil denne arten frå den liknande gulnebblommen. Kjønna er like.

Utbreiing og habitat[endre | endre wikiteksten]

Når vatn og vassdrag er blitt isfrie på vår og sommaren, lever islommen i hekkeområda. Dei føretrekk store og djupe innsjøar, og byggjer helst reira på små øyer og holmar, truleg som vern mot rovdyr. Tundra eller barskogområde i Nord-Amerika er det dominerande hekkeområdet for arten, der dei hekkar nord til polarsirkelen, og moglegvis enda lengre nord på Grønland. Der er òg ein hekkepopulasjon på ca. 300 par på Island.[2] År om anna hekkar det islom på Bjørnøya, den mest austliggande hekkeplassen som er kjent.[3] Utanom Island og Bjørnøya har han ikkje permanent hekkeutbreiing i Eurasia. Med unnatak av somme islommar som held til ved Island året rundt, er dei trekkfuglar som migrerer til sørlegare, isfrie område om vinteren. Dei kan sjåast så langt sør som Baja California på vestkysten av Nord-Amerika. Dei overvintrar dessutan på austkysten, sør til og med Texas. Under trekket kan dei stoppe på Dei store sjøane. Islommen har òg vinterkvarter på nordvestlege kystar av Europa.[1] Ca. 1100 individ overvintrar langs norskekysten.[4]

Denne arten er som alle lommar spesialiserte fiskeetarar. Han dukkar ned til inntil 70 meters djupne, fangar føda under vatn, og kan halde seg under vatn så lenge som eit minutt.[1] Hovudingrediensane i føda er fisk, dette inkluderer sild, torsk, og hyse i sjøen, sugekarper og artar frå Salmo og Perca-slekta i innsjøar. Men dei kan supplere med anna føde slik at den gjer ut for opptil 45 % av totalen, dette er først og fremst krepsdyr, blautdyr, froskar, leddormar og vasslevande insekt. Det er òg funne små mengder plantematerialar i næringsinntaket.[1]

Status og vern[endre | endre wikiteksten]

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert, er rekna som stor, men minkande. Arten er sårbar for menneskeleg aktivitet, det inkluderer regulering av vasstand på innsjøar, forsuring av vatn, ureining med bly og anna tungmetall og all uro frå menneske.[5] Islom er ein av artane som er omfatta av Avtalen om vern av migrerande sjøfuglar i Afrika og Eurasia.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Carboneras, C., Christie, D.A. & Garcia, E.F.J. (2016). Common Loon (Gavia immer) In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 11. april 2016
  2. Petersen, Aevar. 2008. Great Northern Divers in Iceland: population size, distribution, monitoring, trends, movements. In: A. Håland (red.), The Loon & Diver Workshop 2007 2008: 1: 47. Vardø, Norway.
  3. Artikkel om islom hos Norsk Polarinstitutt Henta 11. april 2016
  4. Strann, Karl-Birger. 2008. Wintering large divers (G. adamsii and G. immer) along the Norwegian coast. In: A. Håland (ed.), The Loon & Diver Workshop 2007 2008: 1: 47. Vardø, Norway.
  5. BirdLife International (2016) Species factsheet: Gavia immer Arkivert 2016-04-22 ved Wayback Machine.. Henta frå http://www.birdlife.org den 11. april 2016
  6. «Waterbird species to which the Agreement applies» (PDF). Agreement on the Conservation of African-Eurasian Migratory Waterbirds. s. 22. Arkivert frå originalen (PDF) 24. april 2016. Henta 11. april 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Islom