Gunnar Olai Bakke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gunnar Olai Bakke
Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. mai 1882
Herand
Død

12. november 1970 (88 år)

Gunnar Olai Olsson Bakke (5. mai 188212. november 1970) var ein norsk vaktmeister og stortingsmann frå Herand i Jondal.

Bakke var son til ein skreddarmeister. Sjølv utdanna han seg til møbelsnikkar i Bergen, og utdanna seg vidare i faget på reiser i Danmark, Sverige, Tyskland og USA. Åra 1907 til-10 var han sjømann på seglskuter som farta på Vest-India, Sør-Amerika og Afrika. Han gjekk Bergens tekniske kveldsskule og fekk seg stilling som vaktmeister på Sydneshaugen skole i Bergen.

Bakke var med å stifte Den kommunale tjenestemannsforening i Bergen og var formann i foreininga i fleire år. I åra frå 1916 til -24 var han forretningsførar for lag i Bergen tilslutta Norsk Treindustriarbeiderforbund.

Frå 1919 til 1936 var Bakke bystyremedlem i Bergen. Han var elles medlem i både bygningsrådet, likningsnemnda og i overskattetakstkommisjonen i byen. Åra 1928-31 var han med i sentralstyret til Arbeidarpartiet. I tida 1931-45 representerte han Bergen og Arbeidarpartiet på Stortinget, der han 1931-33 var medlem i Lovkomiteen og sidan i Universitets- og fagskulekomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]