Gunnar Vada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gunnar Vada (fødd 16. mars 1927) er ein norsk agronom, gardbrukar og politikar frå Beitstad i Nord-Trøndelag. Han var 1960-77 fylkesagronom i Nord-Trøndelag og stortingsrepresentant 1977-86 for Nord-Trøndelag og partiet Høgre.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Vada voks opp på slektsgarden Øver-Hjellan i Sprova. Etter folkeskule og framhaldsskule i Sprova og Beitstad, gjekk han Mære landbruksskole, Hamar katedralskole og på Noregs landbrukshøgskole.

Fram til 1954 arbeidde Vada ved meieria i Steinkjer og Ålesund. Han var så i seks år tilsett hos statskonsulentane i husdyrbruk. Frå 1960 var han fylkesagronom i husdyrbruk i Nord-Trøndelag, ei stilling han hadde til han vart stortingsrepresentant i 1977. Desse åra arbeidde han for å utbreie nye metodar i svineavlen og i 1970 gav han ut skriftet Ny giv i saueavlen. Vada var samstundes gardbrukar på Øver-Hjellan i tida 1968–98.

Vada kom for alvor inn i politikken i 1969, då han tok på seg å vere med i eit landbrukspolitisk utval i Høgre. Ved det første direktevalet av fylkesting i 1975 vart han vald inn og tok nokre månader ut i 1976 over som Høgres gruppeleiar i fylkestinget. Hausten 1977 vart han vald inn på Stortinget på ei fellesliste og vart dermed den aller fyrste Høgre-representanten frå Nord-Trøndelag på Stortinget.

Vada var på Stortinget medlem 1977-85 i Landbrukskomitéen. Ved nominasjonen i Nord-Trøndelag Høgre til stortingsvalet 1985 vart han vraka frå fyrsteplassen, etter ei kamp-avrøysting mot Wenche Frogn Sellæg. Vada vart deretter samrøystes vald til andreplassen på vallista og møtte fast på Stortinget medan Sellæg var statsråd 1985–86. Han hadde då plass Samferdslekomitéen.

Frå 1986 til -93 var Vada avdelingssjef ved fylkeslandbrukskontoret i Nord-Trøndelag. Han arbeidde då særleg med å få bønder til å satse på pelsdyroppdrett, skogbruk, utmarksnæringar og bygdeturisme.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Stortingsbiografi