Gunvor Galtung Haavik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gunvor Galtung Haavik
Gunvor Galtung Haavik.jpg
Fødd 7. oktober 1912
Christiania
Død

5. august 1977 (64 år)
Drammen

Dødsårsak Hjartesvikt
Yrke Medarbeider i Utenriksdepartementet og sovjetisk agent for KGB
Gunvor Galtung Haavik på Commons

Gunvor Galtung Haavik (fødd 7. oktober 1912 i Oslo, daud 5. august 1977 i Drammen kretsfengsel) var ein norsk medarbeider i Utenriksdepartementet tilsett ved den norske ambassaden i Moskva. Ho vart i 1977 skulda og tiltalt for å vera spion for Sovjetunionen, men daude før rettssaka. I avhøyra etter fengslinga i januar 1977 tilstod ho at ho hadde vore i KGB si teneste.

Ifølgje Utanriksdepartementet si vurdering hadde Galtung Haavik i mange år hatt tilgang til høgt graderte opplysningar. Verksemda hennar hadde såleis truleg valda betydelege skadar for Noreg.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gunvor Galtung Haavik var dotter av Jan Janson Haavik (1879-1953) og Sigrid Anna Haavik f. Reitan (1883-1969). Ho vaks opp i Odda, der faren hennes var distriktslege. Mora var jordmor.[1][2] [3] Namnet Galtung var ikkje slektsnavn eller mellomnavn, men døypenamn.[4]

I åra 1932–33 studerte ho medisin ved Universitetet i Oslo. Ho gav opp medisinstudiet og utdanna seg som sjukepleiar ved Norske Kvinners Sanitetsforening sin sjukepleieskule i Oslo.

Allereie i 1930-åra vart ho fascinert av russisk kultur og historie, og ho lærde seg språket av ein eldre russisk emigrant og kunstnar.

Haavik arbeidde ved sjukehusa i Bærum, Odda og Oslo, og i krigsåra ved sjukehuset i Bodø, der ho gjennom sit arbeid kom i kontakt med russiske krigsfangar. Ho forelska seg i éin av dei, Vladimir Kozlov.

I 1946 vart ho tilsett som sekretær og tolk i Utanriksdepartementet. Ho hevda ho søkte stillinga fordi ho hadde lært seg russisk i 1930-åra gjennom kontakt med ein russisk flyktning i Noreg, og ynskte å oppretthalda og vidareutvikla russiskkunnskapane sine.

Sovjetisk spion[endre | endre wikiteksten]

I 1947 byrja Haavik som fullmektig ved den norske ambassaden i Moskva, Ho oppsøkte snart den russiske kjærasten sin. Det viste at seg Kozlov hadde stifta familie alt før dei to hadde møtt kvarandre. Trass i skuffinga ynskte ho enno å møta han. KGB såg raskt høvet til å utnytta tilhøvet. Dei verva ho som spion ved å truga med å røpa tilhøvet for norske styresmakter. Slike tilhøve var strengt ulovlege på den tida. Sovjetisk etterretning gav Kozlov og Haavik kodenamna «Viking» og «Vika».

Etter åtte år i Moskva ynskte ho å reisa attende til Noreg og vart overflytta til ei stilling i Utenriksdepartementet i 1955.

Haavik var godt likt og vel tiltrudd av sina overordna i Moskva. Så tiltrudd at ho vart overlaten kurérposten for å forhindra at han kom KGB i hende, men heime i bustaden sin i Moskva lét ho KGB opna den løynlege korrespondansen.

Norske styresmakter vart klere over at russarane hadde ein spion ved ambassaden i Moskva, men feilidentifiserte vedkomande. Feil person vart arrestert og fekk livet øydelagt. Ingeborg Lygren var kvinna som tok over jobben etter Gunvor Haavik på ambassaden i Moskva i 1955. I 1965 vart ho arrestert. Ein sovjetisk avhoppar visste at den norske ambassadesekretæren var spion, men han forveksla ho med Ingeborg Lygren. Slik fekk òg Haavik halda på i over ti år til med si verksemd for KGB.

I 22 år, fram til ho vart arrestert av norsk tryggleikspoliti, POT, ved Bråten haldeplass på Ekebergbanen den 27. januar 1977, hadde ho jamleg kontakt med sine russiske føringoffiserar. Gennadij Titov var mistenkt for å vera ein slik kontakt. Han vart seinare utvist frå Noreg på livstid.

Økonomiske motiv var neppe utslagsgjevande for Haavik. For sine mangeårige tenester for den Sovjetunionen mottok ho likevel betydelege pengebeløp og vart òg i løyndom tildelt den sovjetiske Orden vennskapen til folka.

Rettssaka mot Haavik, som var beramma til å starta den 14. november 1977, vart avlyst då ho døydde av hjartesvikt i Drammen kretsfengsel. Tiltalen var landssvik og spionasje. Lovbrota ho var tiltala for, hadde ei strafferamme på 21 års fengsel.

Film[endre | endre wikiteksten]

Iskyss er tittelen på ei bok Alf R. Jacobsen og ei filmatisering av Knut Erik Jensen frå 2008 som tek for seg Haavik og hennar historie. Jensen hadde òg tidlegare, i 1994, laga ein kortfilm om livet til Haavik, Min kjære venn.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketellingen 1900, Digitalarkivet, http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe?slag=visbase&sidenr=12&filnamn=f00301&gardpostnr=2751&personpostnr=63683&merk=63683#ovre http://digitalarkivet.no/cgi-win/WebCens.exe
  2. Folketellingen 1910, Digitalarkivet, http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036372011684
  3. Døpte 1917, Klokkerbok for Odda 1910-1923, Digitalarkivet, http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?uid=25389&urnread_imagesize=full&show=90#toppen
  4. Gunnvor Galtung Haavik konfirmert i Odda 10. april 1927, Digitalarkivet
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!