Gustav Martinsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gustav Martinsen
Fødd 5. november 1843
Drammen
Død

19. mars 1920 (76 år)
Oslo

Yrke politikar
Familiegrava til Gustav Martinsen på Nordre gravlund i Oslo med skulptur av Gustav Lærum.
Foto: GAD

Gustav Martinsen (5. november 184319. mars 1920) var ein norsk forretnings- og industrimann, politikar Høgre frå Drammen, der faren var handelsmann.

Martinsen arbeidde i faren sin handel i Drammen. I 1870 starta han eiga forretning i heimbyen, som han i 1873 utvida til grossisthandel. Han flytta i 1884 til Kristiania, der han saman med Ole Amundsen grunnla Bjølsen Valsemølle. Frå 1885 var han dagleg leiar for verksemda.

1900-02 var Martinsen varaordførar i Kristiania, frå 1905 var han formann i Noregs Bank sitt forstandarskap. Elles formann i Brukseiernes landsforening, Akerselvens brukseierforening og av Norsk mølleforening.

Martinsen sat to periodar på Stortinget for Høgre frå valkrinsen som omfatta byane Kristiania, Hønefoss og Kongsvinger; 1901–03 og 1904–06. Han var medlem av budsjettkomiteen 1900-06 og av Lagtinget 1903-06. I 1903 var han med i Stortinget sin deputasjon til opninga av Ofotbanen, og i 1905 var han medlem av spesialkomiteen.

Martinsen vart tildelt 7. juni-medaljen, St. Olavs Orden og Dannebrogordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]