Høgsterettsdommaren Henrik Bull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå også Henrik Bull, for andre med dette namnet.
Henrik Bull
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1957 (67 år)
Oslo
Yrke fysteamanuensis, dommar

Henrik Bull (fødd 1957) er ein norsk jurist og dommar i Høgsterett. Han vart utnemnd til høgsterettsdommar den 18. juni 2010, og tiltredde i Høgsterett frå den 17. januar 2011.[1][2]

Henrik Bull tok juridisk embetseksamen i 1984. Han var deretter konsulent/førstekonsulent i Justis- og politidepartementet si lovavdeling og frå 1988 til 1996 lovrådgjevar same stad. I perioden 1987 til 1988 var han dommarfullmektig ved Nedre Romerike sorenskrivarembete.

Frå 1996 til 2001 var han stipendiat ved Universitetet i Oslo, Juridisk fakultet, Senter for Europarett. Han disputerte til dr. juris i 2002 med avhandlinga «EØS-avtalen og import av finansielle tjenester». Han var etter dette førsteamanuensis og direktør for Senter for Europarett til 1. januar 2006m[3] då han blei utnemnd til dommar ved EFTA-domstolen i Luxembourg.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Det indre marked for tjenester og kapital: Import av finansielle tjenester (2002).[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Offisielt frå statsrådet 18. juni 2010.
  2. «Henrik Bull», Norges Domstoler (på norsk), henta 17. januar 2021 
  3. Henrik Bull ny norsk dommer ved EFTA-domstolen – pressemelding frå Regjeringa sine nettsider.
  4. Bull, Henrik Arkivert 2007-10-29 ved Wayback Machine. - Profil hos Universitetsforlaget.