Hopp til innhald

Høle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Høle sokn)
Høle
tettstad
Land  Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Sandnes
Areal 0,36 km²
Folketal 426  (2023)
Folketettleik 1 183 / km²
Postnummer 4308 SANDNES
Kart
Høle
58°53′48″N 6°00′43″E / 58.8965807°N 6.0118484°E / 58.8965807; 6.0118484

Høle er ein tettstad, eit kyrkjesokn og ein bydel i Sandnes kommune i Rogaland fylke. Det var tidlegare òg ein kommune. Historisk har Høle vore ein del av Ryfylke, men er etter innleminga i Sandnes oftast vorte rekna til Jæren.

Høle tettstad[endre | endre wikiteksten]

Høle kyrkje

Tetttaden har 426 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på vestsida av Høgsfjorden, 24 km austom Sandnes sentrum. Her ligg Høle kyrkje frå 1860. Aust for Høle ligg ferjestaden Lauvvik.

Høle sokn[endre | endre wikiteksten]

Høle sokn utgjer i dag den austlegaste delen av Sandnes kommune (krinsane Høle, Tengesdal, Ims og Bratthetland) med 1032 innbyggjarar (2013). I eldre tider var det derimot monaleg større. Det femna òg om noverande Forsand kommune og austre delen av Gjesdal kommune (Oltesvik og Dirdal.) I 1852 vart Forsand sokn utskilt, som den gong òg omfatta Dirdal. Ved kommunesamanslåinga 1965 vart Oltesvik krins overført frå Høle til Gjesdal sokn. I seinare tid er Seldal krins vorte overflytta til Høyland sokn.

Høle kommune[endre | endre wikiteksten]

Høle og Forsand høyrde til opphavleg til Strand kommune, men vart i 1965 utskilde som Høgsfjord kommune. 1871 vart den delt i to: Høle kommune og Forsand kommune.[1] Høle kommune vart i 1965 nedlagd og føydd til Sandnes, med unnatak for Oltesvik krins som vart lagd til Gjesdal.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]